Koronavaksine i Askvoll kommune

Informasjon om arbeidet med gjennomføring av vaksinering vil fortløpande bli oppdatert her på heimesida vår.
 

Timebestilling koronavaksine

Askvoll kommune har teke i bruk ei digital løysing for timebestilling for vaksine.
 

Gå til elektronisk timebestilling for koronavaksine
 

Kommunen ber om at innbyggjarane prioriterer vaksinetimar høgt.. Alle som er busett i Askvoll kommune, kan registrere seg for vaksinasjon (dose 1, 2 eller 3) her i kommunen. 

Personar som oppheld seg berre kort i kommunen (ferie, hytteopphald, anna), vert ikkje vaksinert av Askvoll kommune. Dei må halde seg til vaksinetimar i heimkommunen sin. 

Andre personar som ikkje er busett i kommunen, men som oppheld seg i Askvoll kommune over lengre tid (fleire månader), ber vi om å kontakte legesenteret på tlf. 57 73 46 00 for vaksinasjon.  

Avhengig av tal mottatte vaksinedosar vil vaksineringa anten går føre seg på legesenteret i Askvoll, på Storstova ved Askvollheimen eller i Askvollhallen.

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.
 

Informasjon for deg som har fått vaksine


Status på koronavaksinering i Askvoll kommune

Framdrifta i vaksineringa i Askvoll kommune er styrt av tilgangen på vaksiner nasjonalt. 

Status på koronavaksinering pr. 02.12.21
Status på koronavaksinering
Gruppe Status vaksinering
Bebuarar i sjukeheim Ferdigvaksinert
Alder 85 år og eldre Ferdigvaksinert
Alder 75 - 84 år Ferdigvaksinert
Alder 65 - 74 år og høgrisikopasientar under 64 år Ferdigvaksinert
Alder 18 - 64 år med underliggjande sjukdommar Ferdigvaksinert
Helsepersonell (skjer parallelt med vaksinering av risikogruppene) Ferdigvaksinert
Tilsette i barnehage Ferdigvaksinert
Tilsette i skule Ferdigvaksinert
Alder 55 - 64 år Ferdigvaksinert
Alder 45 - 54 år Ferdigvaksinert
Alder 18 - 24 år og 40 - 44 år Ferdigvaksinert
Alder 25 - 39 år Ferdigvaksinert
Alder 16 - 17 år Ferdigvaksinert
Alder 12 - 15 år Ferdigvaksinert
3. dose til personar med alvorlig nedsett immunforsvar Pågår
3. dose til personar 65 år og eldre Pågår
3. dose til helsepersonell Pågår
3. dose til personar 18 - 65 år Under planlegging

Prioriterte grupper - tilleggsinformasjon til tabellen:

Definisjon av risikopasientar følgjer FHI sine retningsliner og definisjonar. Fastlegane definerer kva pasientar som er i risikogruppene. Fastlegane har laga lista over innbyggjarar i risikogruppe. Med bakgrunn i diagnose er dei plassert i gruppe 1 "høgrisiko" eller gruppe 2 "underliggjande sjukdom". Gruppe 1 og 2 kjem i ulike prioriteringsgruppe.

På Folkehelseinstituttet kan du lese meir om kva grupper som er anbefalt vaksinasjon og prioriteringsrekkefølgja mellom dei. 

Vaksineringsscenario FHI

Vi følgjer prioriteringsliste frå FHI. Folkehelseinstituttet har utarbeidd to vaksineringsscenario som viser når dei forventar å kunne vaksinere ulike grupper mot Covid-19:  

Doseintervall for vaksine

Doseintervall mellom dose 1 og 2 for Comirnaty (Pfizer/BioNtech) er sett til minimum 3 veker og maksimum 12 veker for vaksne og 8 til 12 veker for barn og ungdommar.

 

Vaksinering med AstraZeneca og Janssen-vaksine

AstraZeneca vaksinen er teke ut av vaksinasjonsprogrammet i Norge, og vil heller ikkje verte tilbydd frivillig. 

Askvoll kommune hadde ikkje starta vaksinering med denne vaksina, medan mange omliggjande kommunar hadde sett ein del dosar rett føre den vart stoppa den 11.mars 2021. Det forklarar kvifor Askvoll kommune totalt sett har vaksinert ca. 3 prosent færre personar enn andre kommunar. Vaksinering med Comirnaty (Pfizer) vert vidareført som planlagt, og alle dosar som vi får tilsendt vert brukt i tråd med prioriteringa frå FHI/Hdir. 

Med bakgrunn i anbefalingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Legeforeningen er legane i Askvoll kommune einige om at vi ikkje vil tilby Janssen-vaksinen på legesenteret.

Med det noverande smittenivået lokalt og nasjonalt, og med den forventa framgangen i massevaksinasjon med mRNA-vaksiner, finn vi ikkje grunnlag for å vurdere vaksinasjon utanfor det nasjonale vaksinasjonsprogrammet.

 

Meir informasjon om koronavaksine:

Maret Krannich

Kommuneoverlege
Telefon : 57 73 46 00
E-post : Send e-post