Finn viktig informasjon om:

 

Besøksrutinar for sjukeheim og omsorgsbustader.

Askvoll kommune følgjer nasjonale råd og tilrådingar.

Institusjonsbebuarane i Askvoll kommune som er ferdig vaksinerte mot covid-19, vil ha redusert risiko for å utvikle alvorleg sjukdom. Vaksinen beskyttar ikkje heilt og fullt, men det er betydeleg mindre risiko for covid-19 etter vaksinasjon.
 

Pandemien er ikkje over. Det er smittetrykk i enkelte område i landet, og det dukkar fortsatt opp lokale tilfelle med covid-19-smitte.
 

Vi har framleis fokus på førebygging av koronasmitte blant bebuarar og tilsette. Vi følgjer nasjonale råd om at ein bør halde seg heime ved nyoppståtte luftvegsymptom. Sjå lenke til FHI nedanfor for utfyllande informasjon.
 

Nyoppståtte luftveissymptomer - FHI