Lokalt vedtekne smitteverntiltak
Askvoll kommune har pr. 25.januar 2021 ikkje vedtatt lokale smitteverntiltak.
Vedtaket om at sjukeheimen var stengt for personar som har vore i Oslo eller Bergen dei siste 10 dagar, vart oppheva frå og med 11.desember 2020.
Smittevernråd ved reiser innanlands
Askvoll kommune har ikkje vedteke lovpålagt karantene når ein kjem til Askvoll frå område innanlands med høg smittespreiing. Likevel oppmodar smittevernlegen om å vere varsam, spesielt når ein kjem frå Bergen eller Oslo.
Kjem du til Norge frå utlandet?
Askvoll kommune ber alle som har vore i område i utlandet med vedvarande spreiing av koronasmitte, om å vere i innreisekarentene i 10 dagar etter at ein kjem heim, sjølv om ein ikkje har symptom. Dette er i samsvar med retningsliner frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.
På Folkehelseinstituttet sine nettsider finn du oppdatert smittevernråd for reise og innreisekarantene ved ankomst til Norge frå røde/gule land/område: