Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Om koronatesting

For testing kontakt legekontoret på tlf. 57 73 46 00 måndag til fredag før kl. 11.00

 

Testkriteria

Ved nyoppståtte luftvegssymptom (feber, hoste, tungpust, hodepine, slappheit, nedsett lukt- eller smakssans, muskelverk, sår hals) er det viktig å ha låg terskel for å teste seg for Covid -19, også for vaksinerte.

Askvoll kommune følgjer Folkehelseinstituttet sine kriterier for kven som skal testast for koronaviurs.

Sjå FHI sine testkriterier her.

Tinging av time til koronatest

For testing i Askvoll kommune, kontakt legekontoret på tlf. 57 73 46 00 måndag til fredag før kl.11:00. Du må bestille time på førehand.
Ring når du får luftvegsinfeksjon og har ein av symptoma nemnt over, eller dersom du skulle vere i tvil om du skal testast eller ikkje.

Testing skjer bak Askvoll legesenter i eigen bil eller på "luftvegsrommet" med eigen inngang.

På helg er det legevakta på telefon 116 117 som vurderer om ein skal testast med det same, eller om ein kan vente til første yrkesdag og verte testa lokalt.


Testresultat

Testar du positivt for koronavirus, tar springsteamet i kommunen kontakt med deg omgåande. Hugs å ta telefonen om eit ukjent nummer ringer.

Prøvesvaret finn du også på helsenorge.no 1-3 dagar etter at du tok testen.

  • Har du barn under 16 år som har tatt testen, finn du prøvesvaret deira på helsenorge.no

  • Om du ikkje kan logge inn på helsenorge.no, kontakt fastlegen for å få prøvesvar.


Til deg som ventar på prøvesvar

  • Om du har testa deg fordi du har symptom (feber, hoste, blitt tungpusten eller mista smaks eller luktesans) er hovedregelen at du skal halde deg heime til du har fått svar på testen. Det vil sei, ikke gå på jobb eller skule, ikke ta offentlig transport eller oppsøke offentlige stadar og hald ekstra god avstand til andre. Dei du bur med treng ikke å halde seg heime, heller ikke om dei jobbar i helsetenesta.  
  • Hvis du er i pålagt karantene og har testet deg fordi du har fått symptom (feber, hoste, blitt tungpusten eller mista smak- eller luktesans) skal du følge reglane for isolasjon. Reglane for isolasjon er strengare enn karantenereglane. Dei du bur saman med skal vere i karantene fram til du har fått svar på prøven.  
  • Hvis du er i pålagt karantene som nærkontakt, er det anbefalt testing, sjølv om du ikkje har symptom. 
  • Hvis du har tatt koronatest uten at du har symptom på korona og uten at du har vore utsett for smitte (ikke i karantene), tremg du ikkje å halde deg heime til du har fått prøvesvar. Det kan for eksempel vere dersom du tar testen fordi du er med i eit forskningsprosjekt, skal besøke ein institusjon, eller treng å ta test for å kunne reise. 

 

 

Koronasjekk.no

Koronasjekk.no er ei privat teneste, men innhaldet er levert av dyktige legar som følgjer Folkehelseinstituttet sin retningsliner. 

Sjekk kva råd som gjeld for deg på koronasjekk.no


Meld frå ved mistanke om koronavirus

Dersom du i løpet av dei siste sju dagane har hatt symptom som kan skuldast koronavirus, vil Folkehelsehelseintituttet at du melder dette inn. Ved å melde frå, hjelper du med å kartlegge kor mange som kan vere sjuke med koronavirus i Norge.

Du kan melde frå på vegne av deg sjølv, ditt barn under 16 år, eller for ein som har gjeve deg fullmakt på Helsenorge.no.