Offentlege nettsider med informasjon om koronaviruset
Folkehelseinstituttets nettsider fhi.no
Siste oppdaterte informasjon finn du alltid på folkehelseinstituttets nettside. Her finn du fakta, råd, informasjon om symptomar, inkubasjonstid, behandling, heimekarantene, heimeisolering, reiser, arrangement og forebyggande tiltak.
Helsenorge.no
Siste oppdaterte informasjon finn du på nettsida helsenorge.no. Her finn du fakta, råd og informasjon om symptomar, inkubasjonstid, behandling, reiser, arrangement og førebyggande tiltak.
Regjeringen.no
Regjeringa sin temaside om koronaviruset.
Helsedirektoratets informasjonstelefon 815 55 015
Finn du ikkje svar på spørsmålet ditt, kan du ringe Helsedirektoratet sin nasjonale informasjonstelefon på 815 55 015. Der får du svar på generelle spørsmål, som til dømes i kva område det føregår spreiing og kva symptom du skal vere merksam på.
Psykososial omsorg ved ein pandemi
Ressursside frå RVTS om psykososial ivaretaking ved ein pandemi. Målgruppa er personell med ansvar for å organisere, leie eller utøve psykososial ivaretaking i kommunar og andre offentleg verksemder.
Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom under koronapandemien
Vestland fylkeskommune opprettar ein støttetelefon, kor dei unge kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse.
Støttetelefonen har nummer 51 20 71 21, og er open 12.00 - 18.00 måndag - fredag.
Meir informasjon om støttetelefonen (vestlandfylke.no)
Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte
Hjelpetelefonen er eit døgnopen, landsdekkande gratis tilbod til seksuelt misbrukte barn og vaksne av begge kjønn, samt pårørande til seksuelt misbrukte. Hjelpeapparatet kan òg ringe denne telefontenesta for råd og rettleiing.