Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Timebestilling koronavaksine  |  Status vaksinering 
|  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Koronavaksine i Askvoll kommune

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteBilete av cottonbro frå Pexels   
Informasjon om arbeidet med gjennomføring av vaksinering vil fortløpande bli oppdatert her på heimesida vår.
 

Elektronisk timebestilling for koronavaksine

Askvoll kommune har teke i bruk ei digital løysing for timebestilling for vaksine.

Timebestilling er no open for dei som er fødde i 1948 og 1949. Kommunen startar vaksinering av denne gruppa i Askvollhallen på onsdag 21.april.
OBS! Om du har sett deg på venteliste tidlegare, må du likevel logge deg inn og bestille time.
 

Gå til elektronisk timebestilling for koronavaksine


Fastlegane har henta ut liste over personar mellom 18 og 64 år med sjukdommar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp som høyrer til risikogruppe 4. Desse vert kontakta direkte for tilbod om vaksine, og treng difor ikkje å bestille time elektronisk. 

Kommunen veit berre kor mange vaksinedosar vi får 1 - 2 veker fram i tid. Risikogruppe 4 er ei stor gruppe og difor må vi dele opp gruppa. Vi har valt å legge ut timebestilling for dei eldste først, og vil opne opp for fleire timebestillingar etter kvart som vi får vaksinar. Døme: får vi 100 vaksinar, så skal 20 prosent (20 dosar) førebels gå til helsepersonell. Vi kan då opne opp for 70-80 timebestillingar i den digitale timebestillingsløysinga. 


Venteliste

Er du ikkje i den prioriterte gruppa, vil du framleis kunne logge deg inn i den elektroniske løysinga. Du får då tilbod om å registrere deg på venteliste. Vi ber alle som ynskjer vaksina om å registrere seg. Ventelisten gjev kommunen berre eit anslag på kor mange som ønskjer seg vaksine i dei ulike gruppene. Ver merksam på at du difor framleis må bestille time når det er din tur.

Når du registrerer deg på venteliste, må du svare på nokre spørsmål om ev diagnose(-ar) du har. Ut i frå alder og diagnose vert det definert i kva risikogruppe du kjem inn under. 
 

Status på koronavaksinering i Askvoll kommune

Askvoll kommune har meldt Folkehelseinstituttet (FHI) at vi har god kapasitet til å vaksinere innbyggjarane med vaksinedosane vi får. Det vil sei at framdrifta i vaksineringa i Askvoll kommune er styrt av tilgangen på vaksiner nasjonalt. 

Klikk for stort bilete  

Tilleggsinformasjon til bildet: definisjon av risikopasientar følgjer FHI sine retningsliner og definisjonar. Fastlegane definerer kva pasientar som er i risikogruppene. 
Fastlegane har laga lista over innbyggjarar i risikogruppe. Med bakgrunn i diagnose er dei plassert i gruppe 1 "høgrisiko" eller gruppe 2 "underliggjande sjukdom". Gruppe 1 og 2 kjem i ulike prioriteringsgruppe. 

Til og med veke 15 har 90 prosent i Askvoll kommune takka ja til å verte vaksinert mot covid-19. Det er ei veldig god vaksinasjonsdekning i gruppene som har fått tilbod om vaksine så langt. 

Vaksinering med AstraZeneca vaksinen er sett på vent i Norge (sjå artikkel på FHI.no). Ei ny vurdering frå FHI/Helsedirektoratet kjem 15.april 2021 (sjå artikkel på FHI.no). Askvoll kommune hadde ikkje starta vaksinering med denne vaksina. Vaksinering med Comirnaty (Pfizer) vert vidareført som planlagt.

Som anbefalt vert opp til 20% av de tilsendte dosar brukt (frå veke 2) til å vaksinere helsepersonell i kommunen.

Avhengig av tal mottatte vaksinedosar vil vaksineringa anten går føre seg på legesenteret i Askvoll, på Storstova ved Askvollheimen eller i Askvollhallen.


Vaksineringsscenario FHI

Vi følgjer prioriteringsliste frå FHI. Folkehelseinstituttet har utarbeidd to vaksineringsscenario som viser når dei forventar å kunne vaksinere ulike grupper mot Covid-19:  

 

Prioriterte grupper

På Folkehelseinstituttet kan du lese om kva grupper som er anbefalt vaksinasjon og prioriteringsrekkefølgja mellom dei. 

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før har størst risiko for alvorleg sjukdom.

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som er anbefalt å ta koronavaksine, og den må verte gjeve til dei som treng det mest først. 

     

    Meir informasjon om koronavaksine: