Besøksrutinar for sjukeheim og omsorgsbustader

Gjeldande besøksrutingar frå og med 11.desember 2020

Det er framleis gode grunnar for å ha strenge besøksrutiner ved sjukeheimen, for å kunne skjerme svært sårbare personar mot Covid-19. Dette er besøksrestriksjonane som gjeld frå og med 11.desember 2020: 

  • Kjem du frå område med høg smitte(Oslo med andre), bør du ikkje gå på besøk på sjukeheimen dei første 10 dagane

  • Må besøk likevel gjennomførast; må besøkande halde 2m avstand, og ikkje vere i fysisk kontakt med pasient

  • Det er ikkje tillate med fleire enn to personar om gongen.

  • Kvar pasient/bebuar kan maksimalt få besøk ein gong per dag.

  • Alle besøk skal avtalast per telefon på førehand. Ring til aktuell gruppe/avdeling før avreise. Personalet på gruppa vil då gå igjennom ei sjekkliste, og med utgangspunkt i spørsmåla i denne, avgjere om besøket kan gjennomførast. Ring òg til gruppa/avdelinga ved ankomst. Sjå kontaktinformasjon nedanfor.

  • Innendørs besøk skal føregå på rommet til pasienten, og besøkande skal gå direkte dit ved ankomst. Unngå fellesareal.

  • Besøkande skal halde minimum 2 meters avstand til pasientar og alle tilsette.

  • Det vert ingen servering under besøk. Besøkande kan sjølve ta med mat/drikke, samt blomar/gåver. Her gjeld generelle råd ved handhygiene.

  • Besøkande skal vaske hender ved ankomst og avreise.

 

Besøk til omsorgsbustader.

Kommunen oppmodar om å avgrense tal besøkande slik at dei generelle smittevernråda om å halde avstand vert følgt. Husk god handhygiene.


Smittesporing.

Ved eit eventuelt smitteutbrot i kommunen er det viktig å kunne spore smitten. Derfor vil personalet loggføre alle som besøker sjukeheimen med namn, telefonnummer, og kven ein har vore på besøk til. Dersom du får symptom seinare, eller vert testa for Covid-19, er det svært viktig at du opplyser om at du har vore på besøk på sjukeheimen, eller i omsorgsbustad.
 

Telefonnummer til dei ulike gruppene er:


Ved særlege situasjonar, med kritisk og alvorleg sjukdom hos pasientar, vil personalet kunne tilpasse situasjonen og gjere unntak.


Tiltaka vert fortløpande evaluert. Dersom smitterisikoen i kommunen aukar, kan det bli aktuelt å stenge heilt igjen.