Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting  |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Parkeringsløyve

Parkeringskort for rørslehemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for rørslehemma, og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon.

Kven kan søkje?

Førar av motorvogn som ikkje kan, eller har store vanskar med å gå, kan søkje om parkeringsløyve. Det same kan ein passasjer som regelmessig treng hjelp av førar utanfor motorvogna, og som ikkje kan, eller har store vanskar med å gå. 

Korleis kan du søkje?

Du må bu i kommunen for å kunne søkje, og søknaden må være skriftleg. Du må sjølv innhente ei legeerklæring hos din fastlege som du må legge ved søknaden, og kommunen kan ikkje handsame søknaden din dersom denne ikkje ligg føre. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande, og du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker. Dersom søknaden vert innvilga treng kommunen eit passfoto av deg for å kunne produsere kortet.

 

Søknadskjema
 

Legeerklæring (PDF, 2 MB)


Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.

 

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll

Håvard Yndestad

Sosialkonsulent
Telefon : 57 73 45 13
Mobil : 91 13 59 69
E-post : Send e-post

 

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post