Matombringing

Matombringing er tilbod om middag levert i heimen. Tilbodet er til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga middag sjølv.

 

Korleis kan du søkje?

Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden.

 

Gå til søknadsskjema >

 

Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande og du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
 

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll

 

Kva får du?

Middagen vert laga av kjøkkenet på Askvollheimen og levert ut av heimetenesta dagleg. Måltidet inneheld god og næringsrik kost fordelt over hovudmåltid, samt dessert eller suppe.

 

Kva kostar det?

Matombringing: betalingssatsar
Porsjon Pris
Stor porsjon Kr. 97,-
Liten porsjon Kr. 65,-
Graut/suppe m.m. Kr. 41,-

Prisane kan regulerast av kommunestyret per 1. januar kvart år. Matombringing er ikkje ei lovpålagt teneste, men ei teneste kommunen veljer å tilby innbyggjarane i kommunen.

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post