Korttidslån
Dette er lån av enkle hjelpemiddel som krykker, toalettstol, badekarbrett m.m. Du kan låne for inntil 3 månader. Heimetenesta har lager og låner ut. Du treng ikkje søkje for å låne hjelpemiddel i ein kortare periode.
Langtidslån
Har du behov for hev- og senkbar seng, tilpassa bil, heis, døropnar eller liknande må du ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta i Askvoll kommune.
For å finne det rette hjelpemiddelet, kan fysioterapeutar og/eller ergoterapeuten hjelpe til med søknad som skal sendast til NAV Hjelpemiddelsentral i Førde. Du kan også søkje sjølv her:
Hjelpemidler og tilrettelegging - nav.no
Det er Askvoll Fysioterapi som har ansvar for utlevering og oppfølging av hjelpemiddel som du har fått lånt herfra
Kven kan du kontakte?
| Kontakt | Telefon | Tidspunkt måndag- fredag |
Korttidslån | Heimetenesta eller fysioterapeutane: Anna Gudnersen og Agnieszka Swat. | 97706825 | 08.00-15.00 |
Syn- og hørselshjelpemiddel | Heimetenesta ved May Britt Eimhjellen | 97706825 | 08.00-15.00 |
Langtidslån | Fysioterapeut Anna Gundersen og Agnieszka Swat | 97132746 97706850 | 08.00-15.00 |
Reparasjon/henting/montering /utlevering av hjelpemiddel | Vaktmester Kjetel Kongshaug | Kjetel: 91302645 | 08.00-15.00 |