Finn viktig informasjon om:

 

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit tilbod om helsehjelp og rettleiing til heimebuande eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting. Tenesta er gratis.

Kva kan du få hjelp til?

  • Medisinar og medisinske prosedyrar.
  • Personleg hygiene.
  • Sårstell og prøvetaking.
  • Rettleiing og opplæring.
  • Tilrettelegging av måltid.
     

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Informasjon

Kommunen har plikt til å yte nødvendig helsehjelp til den som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen, men du kan ikkje krevje ei bestemt type teneste.