Finn viktig informasjon om:

 

Svangerskapsomsorg


Askvoll helsestasjon har tilbod om svangerskapsomsorg til alle kvinner som er busett eller oppheld seg i Askvoll kommune.

Jordmor er tilsett både ved Askvoll og Fjaler helsestasjon. Ho har kontordagar ved helsestasjonen i Askvoll kvar tysdag, torsdag og annakvar fredag. 

Målsetting for svangerskapsomsorga:

Svangerskapsomsorga har som mål å gje familien eit best mogleg grunnlag for å meistre, og glede seg over svangerskapet og fødselen. Alle gravide i Askvoll kommune skal få forsvarleg medisinsk og psykososial oppfølging, slik at ein unngår komplikasjonar i svangerskapet og i barseltida. Gravide skal få tilbod om regelmessige kontrollundersøkingar i svangerskapet for å avdekke eventuelle avvik og komplikasjonar.

Helsestasjonens jordmorteneste tilbyr:

- Samtale, råd og rettleiing om tema innan helse, livsstil og graviditet

- Regelmessige svangerskapskontrollar hjå jordmor eller lege (7 - 9 kontrollar)

- Henvisning til rutineultralyd i svangerskapsveke 17 - 20 og elles ved behov

- Tilbod om fødselsførebuande gruppe/individuell samtale om fødsel på helsestasjonen

- Tilbod om heimebesøk etter fødselen av jordmor og/eller helsesøster

- Etter fødsel samtale (Post partum) med prevensjonsrettleiing hjå jordmor

- Samtale om svangerskapsavbrot

 

Jordmor er òg en del av tilbodet i helsestasjon for ungdom (HFU)

Torild Mosdøl Myklebust

Jordmor
Telefon : 57734618
Mobil : 90662012
E-post : Send e-post