Finn viktig informasjon om:

 

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonsarbeidet, og skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplev meistring, trivsel og struktur i skulekvardagen.

Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett på skulehelseteneste. Skulehelsetenesta i Askvoll kommune omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse.

Tilbodet er gratis og dei ansatte har teieplikt.

Helsesjukepleiar har fast kontortid ved kvar enkelt skule i kommunen:

Askvoll skule    
Margot Ryum, mobil: 476 93 636, e-post: margot.ryum@askvoll.kommune.no
Måndagar 08:00 – 15:00, tysdagar 12:00 – 15:00, torsdagar 08:00 – 15:00

Atløy skule
Ingunn Reiakvam, mobil: 481 06 156, e-post: ingunn.reiakvam@askvoll.kommune.no
Tysdagar 10:15 – 13:45

Holmedal skule
Margot Ryum, mobil: 476 93 636, e-post: margot.ryum@askvoll.kommune.no
Tysdagar 08:00-11:30

Gjelsvik skule
Ingunn Reiakvam, mobil: 481 06 156, e-post: ingunn.reiakvam@askvoll.kommune.no
Torsdagar 09:30-13:00

Bulandet skule    
Siv Storøy, mobil: 916 37 705, e-post: siv.storoy@askvoll.kommune.no
Tysdagar 08:00-12:30 (partalsveker)

Skulehelsetenesta gjev tilbod om blant anna:

- Helseundersøking og samtale, samt rettleiing for elevar, føresette og lærarar

- Høyrsel- og synstest

- Helseopplysning og undervisning

- Individuell oppfølging av elevar med spesielle behov

- Vaksinasjon ift barnevaksinasjonsprogrammet

- Miljøretta tiltak med fokus på elevane sitt arbeidsmiljø

- Deltaking i ansvarsgruppemøter, samarbeidsmøter og tverrfagleg samarbeid

Askvoll skulehelseteneste føl nasjonale retningslinjer frå Helsedirektoratet og har faste helseundersøkingar og samtaler, samt vaksinetidspunkt. I tillegg kjem helseundersøkingar og samtalar etter individuelle behov.

Samarbeid med foreldre og andre faggrupper

Elevar, foreldre og lærarar vert oppmoda om å ta kontakt dersom det oppstår noko som har innverknad på eleven si helse og trivsel. Helsesjukepleiar er avhengig av eit godt samarbeid med skulen og foreldra for å kunne fremje eleven si helse.

Dersom eleven har behov for oppfølging frå andre instansar, kan aktuelle samarbeidspartnarar vere skule, skulelege, fastlege, tannlege, fysioterapeut, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevern, barne -og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), spesialisthelsetenesta.