Finn viktig informasjon om:

 

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HFU)

Lurer du på noko? Har du det vanskeleg? Treng du nokon å prate med?

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit drop-in-tilbod for både gutar og jenter mellom 13 og 20 år og er eit supplement til skulehelsetenesta.

Kvar tysdag mellom 14.00-16.00 er helsestasjon for ungdom open. Vi held til i helsehuset på helsestasjonen. På HFU finn du helsesjukepleiar eller jordmor. Vi kan og hjelpe med time til lege. Vi har teieplikt.

Det er inga timebestilling og tilbodet er gratis.


Ofte kan det vere fint å prate med ein vaksen når hovudet er fullt av tankar. Ved å snakke om det som opplevast vanskeleg, får ein lagt frå seg bekymring og frustrasjon.

Vi som jobbar på HFU er vande til å prate om det meste! Vi har kunnskap om seksuell helse, prevensjon og kjønnssjukdomar, og vi har god erfaring med å prate om ting som kan vere vanskeleg og utfordrande i livet.

Vi utfører gratis klamydiatest, graviditetstest og vi deler ut gratis kondomar og glidemiddel.

Er det noko du lurer på eller vil prate om?

Kom innom då vel!

Nyttige nettsider og hjelpetelefoner for deg som er ung

Generelle nettider for ungdom:

- ung.no

- Barneombudet

- Kors på halsen

Seksuell helse:

- Sex og samfunn

- Svangerskapsavbrudd

- Skeiv ungdom

- Sex og politikk

- Informasjon om Klamydia

 

Bestill gratis kondomer her

Vold og overgrep:

- NOK Sogn og Fjordane

- 116-111 Alarmtelefonen for barn og unge

- Telefon for tvangsekteskap og kjønnslemlestelse: 815 55 201

Psykisk helse:

- Blå kors

- Nasjonalt kompetansesenter for selvorganisert selvhjelp