Helsestasjonen ligg i helsehuset, hovedetasjen. Det er 4 helsesjukepleiarar, jordmor og ein lege tilknytta helsestasjonen. Lege er til stades om torsdagen.
Tenester helsestasjon tilbyr
- Barnevaksinasjon
- Heimebesøk
- Helseundersøkingar
- Førebyggjande psykososialt arbeid
- Opplysningsverksemd / rettleiing om helse
- Informasjon om utvikling hos barn
- Rettleiing om kosthald
- Samarbeid om habilitering av barn og unge
- Samarbeid med skule og barnehage
Jordmorteneste
Tenesta gjer tilbod om omsorg rundt graviditet og fødsel, barseltid og nyfødtperiode. Jordmor samarbeider i hovedsak med lege og helsesjukepleiar. Når det er trong for det vert det teke kontakt med fødeavdeling og poliklinikk.
Jordmor har kontor på helsestasjon.
Helsestasjon tar kontakt med deg etter fødsel og avtaler tid for heimebesøk.
Helsestasjon for ungdom
Helsestasjon for ungdom har ope tysdagar frå kl. 14.00 - 16.00 i skuleåret. Du finn helsestasjon for ungdom i 1. etg. på Helsehuset, Prestemarka 1. Du treng ikkje tinge time på førehand.Her kan ein treffe helsesøster og lege. Du kan få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, råd om seksuell helse, uønska graviditet, prevensjon, sjølvbilete og mobbing, stress og press, sjølvskading, sjølvmordsadferd, psykiske helseplager, fysisk aktivitet og kosthald. Målgruppa er ungdom frå 13 - 20 år. Tenesta er gratis. Vi har teieplikt.
Postboksadresse: Boks 57, 6988 Askvoll.
Brosjyrer/pasientinformasjon finn du: https://www.helsebiblioteket.no/pasientinformasjon/alle-brosjyrer/?publisher=255653