Finn viktig informasjon om:

 

Leve heile livet

23. mars 2022 vedtok kommunestyret i Askvoll kommune Leve heile livet-planen, med strategisk handlingsplan for perioden 2022 - 2026. Bakgrunnen for planen er Stortingsmelding nr. 15, «Leve hele livet – en kvalitetsreform for eldre», som vart lagt fram for Stortinget 4. mai 2018, og behandla og vedtatt i Stortinget 20. desember 2018.

Kort om planen og planarbeidet:

Arbeidet med Leve heile livet starta i januar 2021 med utarbeiding av prosessplan, og det vart sett ned ei arbeidsgruppe. Leiar for Askvoll Røde Kors og ein representant for Fellesrådet for eldre og menneske med funksjonshemming har deltatt i prosjektgruppa. Dagleg leiar for Nærmiljøsentralen som er sentral i koordinering av frivillig arbeid, og har ein naturleg god oversikt over behov og ynskje blant innbyggarane, har deltatt. Når det gjeld fagrepresentasjon er helse, omsorg, ergoterapi og folkehelsearbeidet representert.

For å invitere innbyggarane i kommunen til deltaking i dette arbeidet etablerte arbeidsgruppa ein webportal, med kort informasjon om reforma og dei fem satsingsområda. Innbyggarane kunne skrive inn om behov og ynskje om kva som er viktig for dei i Askvoll kommune sin «Leve heile livet» plan. Det kom inn i underkant av 30 innspel.

Planen:

Askvoll kommune sin "Leve heile livet"-plan kan du sjå ved å klikke på lenka nedanfor.

"Leve heile livet" - 2022 - 2026. (PDF, 2 MB)