Finn viktig informasjon om:

 

Handlingsplan for sjølvmordsførebygging

15. desember 2021 vedtok kommunestyret i Askvoll kommune ein handlingsplan for sjølvmordsførebygging. Planen gjeld for perioden 2022 - 2025, og innheld 16 konkrete tiltak for kva Askvoll kommune skal gjere for å førebyggje mot sjølvmord i framtida.

Kort om planen og planarbeidet:

Handlingsplanen vart utarbeidd i eit prosjektarbeid og samarbeid med Fjaler kommune. Tenester og etatar i kommunane, samt andre organisasjonar og institusjonar har gjeve innspel gjennom å delta på innspelseminar og arbeidsmøter. Tiltaka har eit sterkt fokus på å auke kompetansen til å snakke om vanskelege tema, noko som fører til at tiltaka òg vil verke positivt mot personar som er i kriser, og som har vanskar i livet, både med og utan sjølvmordstankar. I planen vert det arbeidet som allereie vert gjort presentert, og til slutt vert det presentert tiltak - både nye, og tiltak som kan utviklast betre.

Handlingsplan:

Askvoll kommune sin handlingsplan for sjølvmordsførebygging kan du sjå ved å klikke på lenka nedanfor.

Handlingsplan for sjølvmordsførebygging (PDF, 2 MB)