FysioterapiI Askvoll fysioterapiteneste er det totalt 4 fysioterapeutar. To av desse er kommunal tilsette og har ansvar for eldre på sjukeheimen, barn på skule, barnehage og helsestasjon samt hjelpemiddelformidling. Dei to andre fysioterapeutane har private driftsheimlar, dvs at dei arbeider først og fremst med kurativ behandling på instituttet Kontoradresse Askvoll fysioterapi har kontor i 2. etg. på Kiwibygget i sentrum. Tlf 57 73 03 00. Postadresse Askvollvegen 409, 6980 Askvoll Kontortid Måndag - fredag kl. 08.00 - 15.00. Hovudoppgåver kartlegging og opptrening vurdering, tilpassing og oppfølging av hjelpemiddel habilitetingsoppgåver knytt til barn og unge rehabiliteringsoppgåver knytt til vaksne og eldre rettleiing av brukarar, pårørande og anna personell bustadtilpassing Hjelpemiddel Dei kommunale fysioterapeutane har ansvar for rørslehjelpemiddel. Dei hjelper til med søknadar til NAV Hjelpemiddelsentralen ved behov for langvarig bruk av hjelpemiddel, deltek på utprøving, gir opplæring og formidlar tekniske hjelpemiddel. Dei er også ansvarleg for utlån av hjelpemiddel ved kortare behov. Syn- og hørselkontakt May Britt Vagstad Eimhjellen er syn- og hørselkontakt i kommunen. Ho har kontordag om torsdagen. Publisert avOlaug Søreide Sist endra03.12.2020 11.08