Kva er omsorgsstønad?
Omsorgsstønad skal støtte opp under den familiebaserte omsorga, og gjere det mogleg for private å halde fram med å ivareta dei næraste i familien. Utgangspunktet for omsorgsstønad er at ein nærståande person påtek seg eit omsorgsansvar ut over det som er vanleg. Omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngande og overstige normal omsorg som foreldre til dømes har for sine born.
Korleis kan du søkje?
For å kunne søkje på tenesta må du bu eller opphalde deg i kommunen. Søknaden må være skriftleg. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande, og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk for kartlegging av din livssituasjon. Du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker
Gå til søknadskjema >
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)
Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.
Søknaden skal du sende til:
Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll
Lover
Det er ingen som har eit klart rettskrav på omsorgsstønad, og det må heile tida vurderast i samanheng med kommunen sitt totale helse- og omsorgstilbod. Ikkje minst må det takast omsyn til om tildeling av omsorgsstønad er det beste for den som treng hjelp. Andre avlastningstilbod som kommunen kan yte må også vurderast, som til dømes skulefritidsordning, støttekontakt, heimehjelp, heimesjukepleie, institusjonsopphald eller aktivitetssenter.