Finn viktig informasjon om:

 

Individuell plan

Om du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeida ein individuell plan. Planen skal sikre gode målsetjingar og koordinering av tenestene og tiltaka dine.

Kva er individuell plan?

Planen er eit verkty og ein metode for samarbeid og samhandling mellom deg og dei ulike hjelparane. Planen skal vise dine mål og ynskjer for i dag, og for framtida. Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett på å få utarbeidd individuell plan.

 

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

 

Målsetting med individuell plan:

  • Å legge til rette for at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • At du har ein kontaktperson (koordinator) som har hovudansvaret for å hjelpe deg
  • Styrke samhandlinga mellom deg og dei du får hjelp frå
     

Praktisk informasjon:

  • Søknaden vert vurdert ut frå behov for hjelp
  • Planen er eit dokument og gjer ikkje auka rett til tenester
  • Får du individuell plan har du rett på eiga ansvarsgruppe
  • Ansvarsgruppa består av kontaktpersonar frå dei ulike tenestene du har
  • Du må vere med på ansvarsgruppemøte og delta i utforming av planen