Finn viktig informasjon om:

 

Avlasting - barn og unge

Avlasting er eit tilbod til personar og familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver ovanfor barn og ungdom med nedsett funksjonsevne.

Kvifor avlasting?

Avlastingstiltak skal hindre overbelasting, og gje omsorgsytar naudsynt fritid og ferie, samt moglegheit til å delta på naudsynte samfunnsaktivitetar. Tenesta kan ytast ut ifrå ulike behov. Målsettinga er å verke førebyggjande slik at du skal kunne gje tilfredsstillande hjelp til den omsorgstrengande over tid.
 

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Søk i god tid

For nye brukarar av avlastning bør det søkjast minst 3 månadar før tiltaket er forventa sett i gong. Fristen er sett med bakgrunn i kor lang tid ein reknar med at det tek å få eit avlastningstiltak i gong.