Kva er ein støttekontakt?
Støttekontakten er ein som gjev andre assistanse, støtte og oppfølging på fritida, og den kan utføre oppdrag i forhold til enkeltpersonar eller i grupper. Støttekontaktar skal medverke til at du skal få ei meiningsfull fritid saman med andre, og bidra til å bryte isolasjon, utvide sosialt nettverk, og utvikle sosiale ferdigheiter.
Kva er ein treningskontakt?
Ein treningskontakt er ein støttekontakt med målsetting om å hjelpe til med å kome i form med fysisk aktivitet.
Kven kan søkje om tenesta?
Personar eller familiar som på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale vanskar treng hjelp til å få ei aktiv fritid, kan søkje kommunen om tenesta.
Korleis kan du søkje?
For å kunne søkje på tenesta må du bu eller opphalde deg i kommunen. Søknaden må være skriftleg. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande, og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk fo kartlegging av din livssituasjon. Du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
Gå til søknadskjema > (PDF, 30 kB)
Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)
Søknaden skal du sende til:
Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll