Arealplan - Kva seier den om min eigendom?
Det ligg føre ein arealplan for alle eiendomane i kommunen. Dette kan vere både overordna kommuneplan og lokal reguleringsplan. Planane viser korleis eigedomen din kan brukast, og er juridisk bindande.
Ta kontakt med kommunen for opplysningar om gjeldande planar for din eigendom.
Dispensasjon er unntaket
Alle arealplanar har vore igjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med høve til medvirkning frå naboar og offentlege og private organisasjonar som har interesser i planen. Ein plan skal vere føreseieleg, slik at innbyggarane skal vite kva som gjeld i sitt område. Dispensasjon skal difor berre unntaksvis brukast.
Kommunen kan gje dispensasjon dersom:
- føremålet med arealplanen ikkje vert vesentleg sett til sides og
- fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene
Korleis søkje om dispensasjon?
Det er ikkje skjema for søknad om dispensasjon frå plan. Søknaden skal skrivast som eit vanleg brev. Frå brevet skal det gå fram kva det vert søkt dispensasjon frå, og det skal vere grunngjeven. Dispensasjonssøknad skal nabovarslast. Kontakt kommunen for naboliste. Søknaden skal vedleggast kartutsnitt som viser det aktuelle området, saman med kvitteringsliste for nabovarsling og opplysningar gitt i nabovarsel. Dispensasjonssøknad kan søkjast samstundes som søknad om byggjeløyve/delingsløyve.
Søknad om dispensasjon frå plan skal politisk behandlast av formannskapet, sjå møtekalendar
Sakshandsamingstid:
Kommunen sin frist for handsaming av dispensasjonssøknader er 12 veker.
Fristen går ikkje mens saka eventuelt er til uttale hjå statlege og regionale styresmakter. Uttalefristen er på maks fire veker. Kommunen har også høve til å forlenge fristen.
Pris
Ved søknad om dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen/kommunedelplan eller frå reguleringsplan, jfr. pbl §19-2, og/eller frå 100m-beltet langs sjø og vassdrag, jfr. pbl §1-8, skal det betalast eit gebyr tilsvarande kr. 7 000.-.