- Gjerde mot nabo
- Gjerde mot veg med høgd inntil 1,5 m. Gjerdet må ikkje hindre sikten i frisiktsoner langs vegen i avkøyrsler.
- Levegg med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 10 m og avstand til nabogrense minst 4 m.
Med gjerde i denne samanheng er det tenkt på lette konstruksjonar som skal hindre ferdsel, som til dømes fletterksgjerde og stakittgjerde, der opne delar utgjer minst 50 % av konstruksjonen
Levegg er ein tett skjerm som avgrensa innsyn og støy, og gjev ly for vind. Levegg kan vere frittståande eller samanhengande med bygning.
Følgjande må du søke om:
Oppsetting av gjerde som ber preg av å vere ein tett "tung" konstruksjon og større leveggar enn nemnt ovanfor.