Bruksendring

Bruksendring er å ta i bruk areal, bygging eller del av bygning til anna enn det er godkjent til. Til dømes gjere kontor om til bustad. Bruksendring er søknadspliktig

Følgjande tiltak kan du stå ansvarleg for sjølv:

Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ei brukseining (til dømes omgjering av bod til soverom), jf. byggesakaforskriften § 3-1.

Skjemaet "søknad om tiltak utan ansvarsrett" skal nyttast

Følgjande tiltak krev kvalifisert føretak:

Annan bruksendring krev profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Arealplan - kva seier den om min eigedom?

Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva føremål ein eigendom kan nyttast til.

Dersom endringa ikkje er i samsvar med området er regulert til, må det søkast om dispensasjon eller eventuelt reguleringsendring. Sjå her for meir informasjon om dispensasjonssøknad

 

Arnt Rune Knapstad

Avdelingsingeniør
Telefon : 57 73 07 17
E-post : Send e-post