Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Byggesaksgebyr

Her finn du oversikt over gebyr for handsaming av plan- og byggesaker. 

 

Gebyr for handsaming av plan- og byggesaker

Forskrift om gebyr for handsaming av byggesaker i Askvoll kommune

Forskrift om gebyr for handsaming av byggesaker i Askvoll kommune

Vedteken av kommunestyret 17.12.2010 i sak K 056/10 med heimel i lov om planlegging og byggsaksbehandling § 33-1. Inga endring for 2020 jf. KOM-vedtak 063/18

1. Gebyret omfattar

Gebyret omfattar; sakshandsaming, godkjenning av ansvarsrett, første gongs førehandskonferanse, dokument kontroll, samt tilsyn (stikkprøver) i byggeperioden. Faktura vert sendt til tiltakshavar.

2. Betalingsplikt

Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betale gebyr. Gebyret vert sendt tiltakshavar.

3. Tidspunkt for avrekning av gebyr

Gebyret vert utrekna i høve til det regulativ som gjeld når fullstendig søknad i samsvar med dokumentasjonskrava i byggesaksforskrifta er komen inn til kommunen.

4. Tidspunkt for fakturering

Når vedtak i samband med søknad om rammeløyve vert gjeve, skal det fakturerast for 75 prosent av basis gebyr. Dei resterande 25 prosent vert fakturert etter at igangsettingsløyve vert gjeve. I tillegg kjem 10 prosent av basisgebyr per igangsettingsløyve utover det første. Gebyr for eventuelle dispensasjonar skal fakturerast når vedtaket er fatta. Beløp under kr. 3000,- skal ikkje delast. Gebyr for eit-trinnsøknad skal fakturerast etter at igangsettingsløyve er gjeve.

5. Elektronisk innsendt søknad

Alle byggesøknader som vert levert inn komplett via byggsøksystemet får ein reduksjon i basisgebyret på 10 prosent. For å bli rekna som komplett innlevert sak skal alle naudsynte vedlegg i saka følgje søknaden i byggsøk-systemet og vere i PDF-format.

6. Kombinerte bygningar

Har bygningen fleire funksjonar, vert gebyret rekna etter høgaste gebyrklasse.

7. Mellombelse bygningar

Ved mellombelse bygningar skal det betalast fullt gebyr etter den kategori bygget fell inn under.

8. Tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklassar

Ved tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklassar reknast gebyret etter høgaste tiltaksklasse.

9. Bruksendring

Ved bruksendringar der det ikkje vert gjort ombygging skal det betalast 25 prosent av basisgebyret. Ved bruksendring der det vert gjort ombygging, skal det betalast etter satsane for ombygging for den kategori bygget skal nyttast til.

10. Anna arbeid

For anna arbeid der det ikkje er faste gebyr og for arbeid som skal godkjennast etter medgått tid, skal det brukast ein timesats på kr 810,-.

11. Utvida kontroll.

Kommunen kan engasjere særskilt organ til kontroll av: prosjektering, utføring eller kontroll av statiske berekningar, ventilasjonsanlegg, branndokumentasjon m.m. Slik kontroll må tiltakshavar betale direkte til utførande etter medgåtte utgifter. Desse utgiftene kjem i tillegg til satsane i dette regulativet. 7

12. Avslag

Når vedtak på søknad medfører avslag skal det betalast 50 prosent av basisgebyr. Ved avslag på søknad om ansvarsrett og søknad om dispensasjon skal det betalast fullt gebyr.

13. Tilsyn

Gebyr for tilsyn i medhald av lova er innrekna med 12 prosent i betalingssatsane.

14. Tiltak som er ulovleg sett i gang

Dersom eit arbeid vert sett i gang utan at løyve er gitt eller at søknad er sendt inn, skal det på grunn av kommunen sine meirutgifter til sakshandsaming betalast dobbelt gebyr.

15. Urimeleg gebyr

Om storleiken på gebyret vert klart urimeleg i høve til det arbeid og dei kostnader kommunen har hatt med saka, eller gebyret er urimeleg av andre grunnar, kan kommunen fastsette passande gebyr. Regulativet kan berre fråvikast ved spesielle høve.

16. Høve til å klage

Gebyrfastsetting i den enkelte sak kan ikkje påklagast. Kommunen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

17. Meirverdiavgift

Det skal ikkje betalast meirverdiavgift i tillegg til gebyr for tenester etter gebyrregulativet med unntak av gebyr etter medgått tid.

18. Regulering av gebyrsatsane

Endring av gebyrsatsane i medhald av denne forskrifta vert fastsett av kommunestyret i samband med årleg budsjettvedtak. Justering skal skje med verknad frå 1. januar kvart år. Satsane skal avrundast til nærmaste kr 10,- 19. Satsar for byggesakshandsaming. Satsane for handsaming i byggesaker jfr § 20-1 plan- og bygningslova framgår av vedlagde tabell (på neste side)

Gebyr for handsaming av byggesaker

Forklaring til tabellane: 

 

Bustader

Bustader
01. Bustader Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
a) Einebustad/våningshus (111/113) 8 490
b) Einebustad med hybel/sokkelhusvære (112) 8 490 9 700
c) Tomannsbustad, vertikaldelt og horisontaldelt (121-124) 10 920 12 130
d) Rekkehus, einebustad i kjede, terrassehus, andre (131-136) - pr. eining 6 070 7 280
e) Bygning på 2 etasjar med 4 eller fleire bueiningar (141) - pr. eining 6 070 7 280
Tilbygg, påbygg og ombygging inntil 50m2 bruttoareal eller samla bruksareal. Gjeld pkt. a-e 2 430 3 640
Tilbygg, påbygg og ombygging større enn 50m2 bruttoareal eller samla bruksareal. Gjeld pkt. a-e 4 240 6070
h) Store bustadbygg (142-146) 30 320 51 980
i) tilbygg og påbygg inntil 50 m2 bruttoareal eller samla bruttoareal. Gjeld pkt. h 2 430 3 640
i) tilbygg og påbygg større enn 50 m2 bruttoareal eller samla bruksareal. Gjeld pkt. h 4 240 6 070
j) ombygging opptil 50 % av totalt areal. Gjeld pkt. h 8 490 14 550
j) ombygging større enn 50 % av totalt areal (hovudombygging). Gjeld pkt. h 14 550 20 620

Andre tiltak på bustad-, fritids- eller næringseigedom 

Andre tiltak på bustad-, fritids-/næringseigedom
Andre tiltak på bustad-, fritids- eller næringseigedom Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
Fasadeendring/skifting av vindauge (pr. fasade) 610 1 220
Støttemurar 850 1 220
Innhegning/gjerde/støyskjerm 850 1 220 2 430
Brygger/flytebrygger 850 1 220 2 430
§ 30-4 i pbl. - vesentlege terrenginngrep, graving, fylling, sprenging, veg og P-plass m.v. 850 1 220 2 430
Skilt/reklame 850
Større skiltplan 1 220
§ 28-6 i pbl. - basseng, brønn, dam 1 220 2 430 4 850
§ 20-1 f) i pbl. - tekniske installasjonar (t.d fyrings- og ventilasjonsanlegg) 1 220 2 430 4 450

Andre nybygg

Andre nybygg
02. Andre nybygg Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
a) Garasjer/uthus/naust (181-183) opptil 70 m2 bruttoareal eller samla bruksareal 2 430 3 640
b) Garasjer/uthus/naust (181-183) større enn 70 m2 bruttoareal eller samla bruksareal 3 640 4 850 6 070
c) andre 2 430
d) Fritisbustad (161-163) 7 280
e) Seterhus, sel, rorbu, skogs- og utmarkskoie (171,172) 3 030
f) Tilbygg og påbygg opptil 50 m2 bruttoareal eller samla bruksareal. Gjeld pkt. a-e 2 430 3 640
Tilbygg og påbygg større enn 50 m2 bruttoareal eller samla bruksareal. Gjeld pkt. a-e 3 640 4 850
g) varige konstruksjonar og anlegg, kai, molo m.m. 3 030 6 070 12 130

Industri- og lagerbygning

Industri- og lagerbygning
03. Industri- og lagerbygning Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
a) Fabrikkbygning 14 550 24 260 48 510
b) Verkstadbygning (211) 14 550 24 260 48 510
c) Andre industribygg (219) 6 070 8 490 16 980
d) Lagerhall, kjøle- og fryselager, silobygning (231-233) 3 030 6 070
e) Tilbygg, påbygg og ombygging inntil 100 m2. Gjeld pkt. a-d 3 030 6 070
Tilbygg, påbygg og ombygging frå 100 m2 opptil 500 m2. Gjeld pkt. a-e 6 070 8 490 16 980
Tilbygg og påbygg større enn 50 m2 bruttoareal eller samla bruksareal. Gjeld pkt. a-e 3 640 4 850
Tilbygg og påbygg større enn 500 m2 bruttoareal eller samla bruksareal. Gjeld pkt. a-e 12 130 8 490 16 980

Kontor-, forretnings- eller andre næringsbygg 

Kontor-, forretnings- eller andre næringsbygg
04. Kontor-, forretnings- eller andre næringsbygg Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
a) Kontorbygg og administrasjonsbygg (311-313) 14 550 24 260 48 510
b) Varehus og andre butikkbygg (321, 322, 329, 330) 14 550 24 260 48 510
c) Ekspedisjonsbygg og terminalar (411-416) 14 550 24 260 48 510
d) Garasje, hangar, veg- og trafikktilsynsbygning (431-449) 6 070 12 130 24 260
f) Bensinstasjon (323) 12 130 18 200 30 320
g) anna bygg for kontor, forretning eller samferdsle (319-419) 11 420 17 140 22 850
h) Tilbygg og påbygg over 100 m2. Gjeld pkt. a-g 3 030 6 070
h) Tilbygg og påbygg frå 100 m2 opptil 500 m2. Gjeld pkt. a-g 6 070 8 490
h) Tilbygg og påbygg over 500 m2. Gjeld pkt. a-g 12 130 18 200 30 320
i) Ombygging mindre enn 50 % av totalt areal 3 030 6 070
j) Ombygging større enn 50 % av totalt areal (hovudombygging) 6 070 8 490 12 130

Hotell- og restaurantbygg 

Hotell- og restaurantbygg
05. Hotell- og restaurantbygg Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
a) Hotell, motell (511,512) 24 260 36 380 54 580
b) Andre bygg for overnatting (521-529) 14 550 24 260 48 510
c) Restaurant, kafebygning 12 130 18 200 30 320
d) Tilbygg og påbygg over 100 m2. Gjeld pkt. a-c 3 030 6 070
d) Tilbygg og påbygg frå 100 m2 opptil 500 m2. Gjeld pkt. a-c 6 070 8 490 12 130
d) Tilbygg og påbygg over 500 m2. Gjeld pkt. a-c 12 130 18 200 30 320
e) Ombygging mindre enn 50 % av totalt areal 6 070 8 490 12 130
f) Ombygging større enn 50 % av totalt areal (hovudombygging) 12 130 18 200 30 320

Bygg for offentlege og private tenester 

Bygg for offentlege og private tenester
06. Bygg for offentlege og private tenester Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
a) Bygg for undervising/forsking (613-616) 24 260 48 510
b) Aldersheim og sjukeheim (721) 14 550 30 320 54 580
c) Barnehagar (611, 612) 12 130 24 260 48 510
d) Bu- og behandlingssenter (722,723) 12 130 24 260 48 510
e) Kyrkjer (671) 24 260 48 510
f) Samfunnshus/forsamlingshus/bedehus (622) 12 130 18 200 30 320
g) Teater/kinobygg 24 260 48 510
h) Idrettsbygg (651-653) 24 260 48 510
i) Garderobebygg, helsestudio (654, 655) 12 130 18 200 30 320
j) Andre bygg (629, 649, 659, 669, 679) 6 070 8 490 12 130
k) Tilbygg og påbygg opptil 100 m2. Gjeld pkt. a-j 3 030 6 070
k) Tilbygg og påbygg frå 100 m2 opptil 500 m2. Gjeld pkt. a-j 6 070 8 490 12 130
k) Tilbygg og påbygg over 500 m2. Gjeld pkt. a-j 12 130 18 200 30 320
l) Ombygging mindre enn 50 % av totalt areal 6 070 8 490 12 130
m) Ombygging større enn 50 % av totalt areal (hovudombygging) 12 130 18 200 30 320

Bygg for jordbruk, fiske og fangst 

Bygg for jordbruk, fiske og fangst
07. Bygg for jordbruk, fiske og fangst Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
a) Driftsbygning hus for dyr/landbrukslager/silo (241) 6 070 8 490 12 130
b) Andre (243-249) 3 030 4 040 6 070
c) Tilbygg og påbygg opptil 100 m2 bruttoareal eller samla bruksareal. Gjeld pkt. a-b 1 820 3 470
c) Tilbygg og påbygg frå 100 m2 opptil 1 000 m2. Gjeld pkt. a-b 3 030 4 040 6 070
c) Tilbygg og påbygg over 1 000 m2. Gjeld pkt. a-b 12 130 13 860 16 980
l) Ombygging mindre enn 50 % av totalt areal 3 030 4 040 6 070
m) Ombygging større enn 50 % av totalt areal (hovudombygging) 6 070 8 090 12 130

 Reviderte teikningar og tilleggssøknader (mindre endringar) 

Reviderte teikningar og tilleggssøknader (mindre endringar)
08. Reviderte teikningar og tilleggssøknader (mindre endringar) Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
610

Fornying av byggeløyve 

Fornying av byggeløyve
09. Fornying av byggeløyve
Fornying av byggeløyve reknast som ny sak

Riving 

Det skal bereknast gebyr tilsvarande 20 % basisgebyr for den enkelte bygningstypen og tiltaksklassen, men ikkje mindre enn 500, 

Riving
10. Riving Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
Gebyr pr. bygning 610 2 310 8 490

Dispensasjonssøknader

Dispensasjonssøknader
11. Dispensasjonssøknader - gebyr for kvart enkelt tilhøve Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
1. Dispensasjon frå føremål, omsynssone i godkjent plan og frå § 1-8 i pbl. 4 850
2. Andre dispensasjonar t.d. utnytting, plassering, etasjetal, høgde, osv. 2 430

Utomhusplanar/opparbeiding

Utomhusplanar/opparbeiding
12. Utomhusplanar/opparbeiding (pr. plan) Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
opptil 5 000 m2 1 220
over 5 000 m2 1 820

Førehandskonferanse 

Førehandskonferanse
13. Førehandskonferanse Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
1. gongs førehandskonferanse er med i basisgebyret
2. gongs førehandskonferanse og seinare førehandskonferanse 1 220 2 310 3 640

Godkjenning av føretak for ansvarsrett 

Godkjenning av føretak for ansvarsrett
14. Godkjenning av føretak for ansvarsrett Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
Godkjenning av føretak med sentralgodkjenning er med i basisgebyret
Lokal godkjenning av føretak utan sentral godkjenning 1 220
Sjølvbyggar - berre eigen bustad/garasje/uthus m.m. på eigen eigendom 1 820

Søknad om tiltak utan ansvarsrett etter § 20-2 i pbl.  

Søknad om tiltak utan ansvarsrett etter § 20-2 i pbl.
15. Søknad om tiltak utan ansvarsrett etter § 20-2 i pbl Tiltaksklasse 1 - basisgebyr Tiltaksklasse 2 - basisgebyr Tiltaksklasse 3 - basisgebyr
§ 20-2 a) mindre tiltak på bebygd eigedom 2 430
§ 20-2 b) alminnelege driftsbygningar i landbruket 2 430
§ 20-2 c) mellombelse bygningar, konstruksjonar og anlegg 2 430

Brotsgebyr 

Brotsgebyr
16. Brotsgebyr
Gebyr for brot vert fastsett i samsvar med kap. 16 i byggesaksforskrifta

 

Gebyr for handsaming av plansaker etter pbl.

Vedteken av Askvoll kommunestyre 30.09.13 i sak KOM 091/13 med heimel i lov av 27.06.2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) §33-1. 

1. Føremål 

Forskrifta gjeld betaling for tenester som kommunen skal syte for vert utførte i medhald av plan- og bygningslova kap. 12 om reguleringsplanar og kap. 19 om dispensasjon. Gebyra skal dekke kommunen sine kostnader med tenesta (sjølvkostprinsipp). 

2. Betalingsplikt. 

Alle som får utført tenester etter denne forskrifta skal betale gebyr. Faktura vert sendt til tiltakshavar/forslagsstillar. 

3. Reguleringsplan 

For privat framlegg til reguleringsplan (detaljregulering), jfr. pbl. §12-3 og §12-11, og endring/oppheving av reguleringsplan, jfr. pbl. §12-14, 1. ledd, skal det betalast gebyr som følgjer: 

Gebyr for handsaming av plansaker etter pbl.
Enkel plan Vanleg plan Komplisert plan
12 000 30 000 50 000

Kommunen fastset plantype/sats som skal nyttast i samsvar med definisjonane under. 

Enkel plan:

Planframlegg i samsvar med overordna plan, og med få og små uavklarte tilhøve og konfliktar iht. gjeldande plan(ar), natur, landskap, kulturminne, friluftsliv eller nabotilhøve. Mindre reguleringsplan, jfr. pbl §12-12, 2. ledd, går inn under dette. Endring av reguleringsplan der dei fleste avklaringar allereie er gjort i vedteken plan, og der hovudtrekka i planframlegget er som i vedteken plan, går òg under dette. Dersom endringsframlegget føreset avklaringar på lik line med handsaminga av ein ny plan, skal gebyrsatsen for vanleg plan nyttast. 

Vanleg plan: 

Planframlegg med ein del uavklarte tilhøve/konfliktar, ”gjennomsnittsplan” – gjennomsnittleg planfagleg/planteknisk vanskegrad. Planframlegg som ikkje går inn under ”enkel plan” eller ”komplisert plan” går inn under dette. 

Komplisert plan: 

Planframlegg som medfører krav om planprogram/konsekvensutgreiing, jfr. pbl §4-1 og §4-2, dvs. framlegg i strid med overordna regelverk, plan eller offentleg vedtak, planframlegg med mange samansette arealkonfliktar og behov for avklaringar. 

4. Mindre reguleringsendring 

For mindre endring av reguleringsplan, jfr. pbl. §12-14, 2. ledd, skal det betalast eit gebyr tilsvarande kr. 8 000

5. Forlenging av planvedtak 

For forlenging av planvedtak med inntil 2 år om gangen, jfr. pbl §12-4, skal det betalast eit gebyr tilsvarande kr. 4 000

6. Oppstartmøte/råd om regulering 

I saker der oppstartmøte vert halde, jfr. pbl §12-8, men det ikkje kjem inn planforslag til handsaming innan rimeleg tid, vert det fakturert kr. 4 000 for avholdt oppstartmøte mm. Med rimeleg tid vert rekna om lag eitt år frå kommunen har gjeve signal om at dei ikkje har merknader til at planarbeidet vert sett i gang. 

7. Dispensasjon 

Ved søknad om dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen/kommunedelplan eller frå reguleringsplan, jfr. pbl §19-2, og/eller frå 100m-beltet langs sjø og vassdrag, jfr. pbl §1-8, skal det betalast eit gebyr tilsvarande kr. 7 000

8. Tidspunkt for avrekning av gebyr

Gebyret vert fastsett i høve til dei satsane som gjeld på det tidspunktet fullstendig planforslag/søknad i samsvar med dokumentasjonskrav i lov og forskrifter er motteke av kommunen. Ved avbroten plansak/dispensasjonssak, jfr. pkt. 10, vert gebyret fastsett etter dei satsane som gjeld på det tidspunktet saka vert avslutta. 

9. Tidspunkt for fakturering 

Gebyr for private framlegg til reguleringsplan eller endring av slik plan, skal fakturerast etter førstegongshandsaming i kommunen, jfr. pbl §12-11. Plansaka vert ikkje teke opp til handsaming etter offentleg ettersyn (andregongshandsaming), jfr. pbl §12-12, før gebyret er innbetalt. Gebyr for mindre endringar av reguleringsplan, for forlenging av planvedtak med inntil 2 år om gangen, og for søknad om dispensasjon, skal fakturerast når vedtaket er fatta, jfr. pbl §12-14, 2. ledd, §12-4 og §19-2. 

10. Avbroten plansak/dispensasjonssak 

Gebyr skal avreknast som del av fullt gebyr i høve til det tidspunktet saka vert avbroten/trekt. Kommunen fastset eit passande gebyr tilsvarande det arbeidet/kostnadene kommunen har hatt. Jfr. òg pkt. 6 om fakturering for avholdt oppstartmøte, der kommunen ikkje mottek planframlegg i rimeleg tid. 

11. Avslag 

Når kommunen avviser eit planframlegg eller gjev avslag på søknad om dispensasjon skal det betalast fullt gebyr. 

12. Urimeleg gebyr

Om storleiken på gebyret vert klart urimeleg i høve til det arbeidet og dei kostnadene kommunen har hatt med saka, eller gebyret er urimeleg av andre grunnar, kan kommunen fastsette passande gebyr. Regulativet kan berre fråvikast ved spesielle høve.  

13. Høve til å klage 

Gebyrfastsetting i den enkelte sak kan ikkje påklagast, då dette berre er ei oppfølging av regulativet. Kommunen si avgjerd om fastsetting av passande gebyr, jfr. pkt. 12 om urimeleg gebyr, kan påklagast etter reglane i forvaltningslova (enkeltvedtak). 

14. Meirverdiavgift 

Det skal ikkje betalast meirverdiavgift i tillegg til gebyr for tenester etter gebyrregulativet. 

15. Regulering av gebyrsatsane

Endring av gebyrsatsane i medhald av denne forskrifta vert fastsett av kommunestyret i samband med årleg budsjettvedtak. Justering skal skje med verknad frå 1. januar kvart år. Satsane skal avrundast til næraste kr. 10. 

16. Ikraftsetting. 

Forskrifta tek til å gjelde frå 1. november 2013

Gebyr for arbeid etter matrikkellova 2020

Forskrifta vart vedtatt i kommunestyret 19.04.2010 i sak K10/10, og vart gjeldande frå  01.05.2010. Gebyr for arbeid etter matrikkellova, med heimel i matrikkellova § 32 og matrikkelforskrifta § 16, vert fastsett slik: 

1. Oppretting av matrikkeleining

1.1 oppretting av grunneigedom

1.1 Oppretting av matrikkeleining
Areal Gebyr
areal frå 0 - 500 m2 12 915
areal frå 501 - 2000 m2 15 495
areal frå 2001 m2 - auke pr. påbegynt da. 1 290
Oppretting av punktfeste 12 915
Der markarbeid ikkje er påkrevd, utløyser det halvt gebyr
For større samanhengande areal (til dømes landbruksareal, reguleringsplanområde) skal det betalast etter medgått tid, minstesats er kr. 18 895

1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn

1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn
Areal Gebyr
areal frå 0 – 500 m² 6 455
areal frå 501 – 2000 m² 7 745
areal frå 2001 m² – auke pr. påbegynt da. 645

1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon

1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon
Areal gebyr
areal frå 0 - 500 m² 6 455
areal frå 501 - 2000 m² 7 745
areal frå 2001 m² – auke pr. påbegynt da. 645

1.4 Oppretting av anleggseigedom

1.4 Oppretting av anleggseigedom
Volum Gebyr
volum frå 0 - 2000 m³ 15 495
volum frå 2001 m³ – auke pr. påbegynt da. 1 290

1.5 Registrering av jordsameige

1.5 Registrering av jordsameige
Gebyr
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid

2 Opprettting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

Viser til 1.1, 1.2, 1.4 og 1.5. I tillegg kan det kome tilleggsgebyr for å utføre oppmålingsforretning.
2 Opprettting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning
2.1 Avbrot i oppmålingsforretninga eller matrikuleringa
Ein skal bruke 1/3 av gebyrsatsane etter pkt.1, dersom saka blir trekt før ho er gjort ferdig eller at saka blir avvist eller at ein ikkje kan matrikkelføre ho på grunn av endringar i heimelsforhold eller av andre grunnar ikkje kan gjera ho ferdig.

3. Grensejustering

3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomen sitt areal. Maksimalgrensa er satt til 500 m². Ein kan ikkje frådele areal frå ein eigedom som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneformål kan andre arealklassar gjelde.
3.1 Grensejustering - Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Areal Gebyr
Areal frå 0 – 500 m² 7 745

3.2 Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av anleggseigedomen sitt volum, den maksimale grensa er satt til 1000 m³
3.2 Grensejustering - Anleggseigedom
Volum Gebyr
Volum frå 0 – 1000 m³ 7 745

4. Arealoverføring

4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved arealoverføring skal ein gjennomføre oppmålingsforretning og tinglysing. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.
4.1 Arealoverføring - Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Areal Gebyr
Areal frå 0 – 500 m² 12 915
Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m² fører med seg auke av gebyret på: 1 290

5. Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning

5. Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
Tal punkt Gebyr
For inntil 2 punkter 3 875
For overskytande grensepunkt, pr. punkt: 385

6. Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning eller klarlegging av rettar

6. Klarlegging av eksisterande grense der grensa IKKJE tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning eller klarlegging av rettar
Tal punkt Gebyr
For inntil 2 punkter 6 455
For overskytande grensepunkt, pr. punkt: 645
Gebyr for klarlegging av rettar vert fakturert etter medgått tid.

7. Privat grenseavtale

7. Privat grenseavtale
Tal punkt Gebyr
For inntil 2 punkter eller 100 m grenselengd 3 875
For kvart nytt punkt eller påbegynt 100 m grenselengd 385
Alternativt kan gebyr fastsettast etter medgått tid.

8. Timepris for medgått tid

Gebyr for oppmålingsarbeid som ikkje kan fastsettast ut frå satsane over skal reknast ut etter medgått tid. timepris kr 905.
 

9. Urimeleg gebyr

Dersom gebyret openbart er urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan rådmannen eller den han/ho har gjeve fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit passande gebyr. Fullmaktshavar kan under same føresetnader og med bakgrunn i grunngjeve søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr.
 

10. Betalingstidspunkt

Gebyret skal krevjast inn forskotsvis.
 

11. Forandring i grunnlaget for matrikkelføring av saka

Dersom rekvirenten i løpet av saka gjer endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka, vert gebyret oppretthalde.
 

12. Utskriving av matrikkelbrev

12. Utskriving av matrikkelbrev
Tal sider i matrikkelbrev Gebyr
Matrikkelbrev inntil 10 sider 175 175
Matrikkelbrev over 10 sider 350 350
Endring i maksimalsatsane vert regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga.

13. Tidsfrist for gjennomføring av saker

Dersom kommunen ikkje held fristen for oppmålingsforretning eller matrikkelføring, skal gebyret avkortast etter reglene i §§ 18 og 19 i forskrift om eigedomsregistrering. Avkortning av gebyr gjeld ikkje for utskriving av matrikkelbrev, jamfør 4. ledd. Dersom kommunen krev forskotsbetaling, skal avkorta gebyr tilbakebetalast så snart fristane er utgått. Fristane gjeld ikkje i perioden 15. desember til 15. mars i Askvoll kommune.
 

14. Betalingsvilkår

  • Betaling skjer etter det regulativ som gjeld på rekvisisjonstidspunktet. Dersom den som rekvirerer ynskjer å utsetje oppmålingsforretninga, vert gebyr rekna etter satsane det året oppmålinga blir gjort.

  • Tinglysingsgebyr og eventuelle dokumentavgifter etter gjeldande sats blir lagt til gebyret.

  • Meirverdiavgift vert ikkje rekna ved oppkrevjing av gebyra (jamfør skattedirektørens rundskriv av 6. mars 1970 til skatteinspektørane).

  • Gebyrregulativet blir indeksregulert automatisk kvart år i samsvar med Statens kartverk sin indeks for kart-og oppmålingsarbeider, første gang 01.01.2011. Unntaket er gebyr etter punkt 12 som vert regulert av Statens kartverk.

 

Prisbok

Frå side 6 til 18 i prisboka finn du oversikt over gebyr for handsaming av plan- og byggesaker:


 

 

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post