Eigedomsskattelova:
§ 7.Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten.
b) Bygning som har historisk verde.
c) Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære. Fritaket kan gjelde i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig. Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommunelova §10, kan få fullmakt til å avgjere einskildsaker om skattefritak.
d) Bygning og grunn i visse luter av kommunen.