Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Deling av eigedom

Ynskjer du å dele eigedomen din/skilje ut ei tomt må det søkast om løyve til oppretting av eigedom   

Det er grunneigar/ heimelshavar som søkjer kommunen om løyve til deling. 
 

Følgjande må sendast kommunen:

  1. Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning / søknad om deling av grunneigedom, signert av grunneigar.

    Skjema for søknad deling av grunneigedom

     
  2. Naboar og gjenbuarar må varslast. Naboliste kan tingast frå kommunen. Kvittering for nabovarsel og opplysningar gjeve i nabovarsel må leggjast ved søknaden. Skjema finn du her: http://www.dibk.no/no/BYGGEREGLER/Byggesoknader/Byggesaksblanketter/ 
     
  3. Situasjonskart i målestokk 1:1000 som viser plassering av den omsøkte tomta.
    Gå til kommunekart for å skrive ut eit kartutsnitt.

     
  4. Avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen dersom tomten skal ha avkøyrsle frå fylkesveg/riksveg.
     
  5. Eventuelle nabomerknader med kommentarar frå søkjar.
     
  6. Eventuell søknad om dispensasjon. Ved søknad om deling av tomt som ikkje er i samsvar med arealplan, må det også søkjast dispensasjon. NB Ved nabovarsling må det merkast at søknaden også treng dispensjon.

I tillegg må søknaden innehalde:

  • Dersom det er behov for vegrett, må vegen teiknast inn på situasjonskartet.
  • Dersom eigedomen treng ny avkøyrsle frå offentleg veg, må denne markerast på situasjonskartet.
  • Avtale om retten til tilkopling til private vass- og avlaupsleidningar må leggast ved dersom dette er aktuelt.

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post