Melding om skifte av eldstadDu treng ikkje søke til kommunen om å skifte ut eldstaden din, men for å sikre at feiaren har oversikt over fyringsanlegga er det viktig at du melder endringar. Send melding om skifte av eldstad Når du har montert ny eller skifta ut gamal eldstad skal du melde det til kommunen. Opplysningane vert nytta i samband med feiing og tilsyn. Send melding om ny installasjon eller utskifting av eldstad Feiaren kan gi pålegg om retting Det er ingen formelle krav til dei som monterer eldstad, men vi oppmodar alle til å bruke kyndige fagfolk. Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er nødvendig. Skorstein Skal du føre opp ny eller rehabilitere eldre skorstein? Hugs at dette er søknadspliktig. Forskrift Forskrift om brannførebygging Publisert 11.02.2021 12.00 Sist endra 11.02.2021 12.32