Renovasjon og slam

Renovasjon og slamtømming i Askvoll vert utført av Sunnfjord Miljøverk (SUM)

 

Renovasjonsrutekalender

Hushaldningane skal sortere avfall i papiravfall som vert henta eing gong per månad og restavfall som vert henta eing gong per veke.

 

Boss-app

Sunnfjord Miljøverk har fått ein applikasjon for smarttelefon (IOS og Android) som inneheld tømmekalender og returpunkter, og som sender ut varsling om bosstømming. Du kan laste ned SUM sin renovasjonsapp her:

 

Gjenbrukstasjonen

Gjenbruksstasjonen i Olsetvikane er open kvar måndag klokka 12.00-18.00. Her kan hushaldningane levere papp/papir, kvitevararer, stålskrap, treverk o.l.
Glas kan leverast til glasigloar som er sett ut ved gjenvinningsstasjonen, Stubhaug & Co Landhandel, Askvoll ferjekai og Atløy ferjekai. Klart og farga glas og metallboksar kan no blandast i glasigloane til SUM.

 

Pris

Alle eigedommar i Askvoll kommune er omfatta av tvungen renovasjonsordning, og må betale gebyr for det. Sunnfjord Miljøverk (SUM) er eit interkommunalt selskap. Gebyrsatsane er like for alle kommunane i SUM.

Kommunen krev inn gebyr for renovasjonsordninga gjennom kommunale avgifter to gonger i året. Faktura kjem i april og september.

Bestille avfallsbehaldar

Ta kontakt med kommunen ved teknisk drift om du ønskjer utlevering av avfallsbehaldar. Det er krav om ferdigattest/bruksløyve før det vert utlevert avfallsbehaldar.

 

Farleg avfall - spesialavfall

Ordning knytt til farleg avfall/spesialfall finn du her.


Kildesortering og gjenvinning

På nettsida sortere.no finn du svar på kva som skal sorterast kor der du bur, praktiske tips til sorteringa, tips til korleis du kan gjenbruke og kaste mindre, samt informasjon om kva merka på emballasjen betyr. 

 

 

 

Teknisk drift

Telefon : 57 73 07 30
E-post : Send e-post

 

Per Jan Ryland

Teknisk sjef
Telefon : 57 73 07 32
E-post : Send e-post