Kartverket har meldt til kommunen at i samband med fastsetting av adressenamna i kommunen, må det fastsettast rett skrivemåte av opphavsnamnet til nokre av dei vedtekne adressenamna i namnesak etter stadnamnlova. Kartverket har i det høvet kravd namnesak for skrivemåten av gardsnamna:
og ein del namn avleidd av gardsnamna.
Les brevet frå Kartverket her (PDF, 469 kB).
Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. Dei som har bruksnamn som inneheld gardsnamnet vert tilskrivne.
Kommunen hentar inn og samordnar innspel i sakene og sender dette til Stadnamntenesta på Vestlandet. Stadnamntenesta gir tilråding til Kartverket som har vedtaksmynde. For kommunen hastar det å få dei avklaringane Kartverket har bede om. Derfor vert fristen til å sende innspel i saka sett til 13. oktober.
Innspel kan sendast til: Askvoll kommune, pb 174, 6988 ASKVOLL eller på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no