Du som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt du ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.
Søk grunnskuleopplæring for vaksne
Vaksenoppæringa har tilbod til vaksne innvandrarar
Om rett og plikt til opplæring
Innvandrarar med opphaldsløyve etter 01.01.12 har rett og plikt til opplæring i minimum 600 timar. Av desse timane skal 50 timar vere samfunnsfag.
Meir om rett og plikt til norskopplæring finn du hos Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI)
Målgruppe
Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Dette inkluderer:
-
asylantar
-
overføringsflyktningar
-
arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira
-
personar med opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeinte til desse
-
familiegjenforeinte med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg
Pris for tenesta
Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa - f.t. kr. 50,- pr time.
Prisar på prøver:
Samfunnskunnskapsprøve og statsborgarprøva: Kr 500,- pr stk.
Norsk skriftleg: Delprøve kr. 400,-. Alle tre prøvene samstundes kr. 800,-
Norsk munnleg: kr. 800,-.
Søknadskjema:
Elektronisk søknadskjema
Papirbasert skjema