Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Er du funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk, har du óg rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO).
Kriterium
Avstanden mellom skule og heim må overstige
- 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
- 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du er funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk.
Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur
Publisert avLaila Svalheim Kristiansen
Publisert08.12.2014 15.16