Om skulefritidsordninga
Dersom det ikkje er skulefritidsordning ved den skulen barnet går, kan tilbodet nyttast ved ein annan skule.
SFO følgjer skuleåret. Alle som søkjer får plass.
Om søknaden
Du søkjer elektronisk om SFO-plass. Søknadsfrist er 1. april
Søk plass i SFO >
Du loggar inn via ID-porten (med MinID/BankID, Bypass, Commfides) eller via Feide.
Endring og oppseiing
Endring eller oppseiing av plass skjer også med innlogging via Visma Flyt Skole. Oppseiingsfristen er i utgangspunktet 1 månad, men ved oppseiinga av plass etter 1. mars, må du betale for plassen ut skuleåret.
Spørsmål?
Ta kontakt med Oppvekstkontoret på tlf. nr 57 73 07 20 eller den enkelte skule om du treng hjelp til å søke/tilgang på datamaskin.
Ekstratimar: kr. 57,- pr time
Syskenmoderasjon: 30% moderasjon for 2. barn og 50% for 3. og fleire barn
Betaling er pr. månad i 10 månader i skuleåret. Betaling for sommar-, haust- og vinterferie kjem i tillegg. Endringar i timetalet i løpet av året må det søkjast om.
Har du låg inntekt kan du få lågare pris
Regjeringa er opptatt av å redusere foreldrebetalinga for familiar med låg inntekt. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt 6% av inntekta si til å betale for ein SFO-plass for elevar på 1. og 2. trinn.
Her kan du søkje om lågare foreldrebetaling for SFO
Vi handsamar søknader om lågare pris gjennom heile året, men hovudssøknadsfristen er 1. oktober.
- Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld den for eitt skuleår om gongen. Du må difor søkje på nytt kvart skuleår.
- Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld den frå månaden etter du har sendt søknaden.
Frå skuleåret 2020-2021 blir det innført gratis SFO for elevar på 5. - 7. trinn med særskilte behov.