Permisjon frå grunnskuleopplæringa
Framgangsmåte når ein søkjer fri ein elev:
- Søknader om fri for ein elev må vere grunngjeven, og sendt i god tid før permisjonen.
Foreldre må syte for at eleven som får innvilga permisjon tileignar seg det lærestoffet som vert gått gjennom på skulen desse dagane.
Fri utover 14 dagar vert som regel ikkje gjeve. Jf opplæringslova §§ 2 - 11. Det er det oppvekstsjefen som avgjer. I rundskriv 4/86 påpeikar utdanningsdirektøren at foreldra sitt ansvar for borna si undervisning må understrekast. Lova fastset opplæringsplikt og ikkje skuleplikt. Prinsipielt fell ansvaret for at borna får opplæring/undervisning over på foreldra når dei ber om å få ta borna ut av skulen.
Vi oppmodar om at elevane i minst mogeleg grad blir tekne ut av skulen utanom dei ordinære feriedagane. Dette gjeld for alle klassesteg. Stort fråvær kan føre til mindre læringsutbyte og såleis mindre kompetanse og måloppnåing for elevane. Permisjonar må planleggjast i god tid, og vi minner igjen om at skuleruta inneheld både haust- og vinterferie i tillegg til andre fridagar