Informasjon om skulestart
Skulane sender kvar vår brev til føresette om innskriving av nye førsteklassingar.
Tidlegare/utsett skulestart
Utgangspunktet er at born startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år.
Foreldra kan søkje om tidlegare eller utsett skulestart for eleven. Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. Utsett skulestart tyder at barnet startar i skulen det kalenderåret det fyller sju år.
Tidlegare skulestart tyder at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre sakkunnig vurdering frå PPT.
PPT
Askvoll kommune er med i felles PP-teneste med 8 kommunar og Sogn og Fjordane fylkeskommune - PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord.
Informasjon om skulane
Du finn mykje lokal og sentral informasjon på skulane sine nettsider ved å klikke på aktuell skule.
Skulefritidsordning - SFO
Kommunen tilbyr skulefritidsordning for barn i 1. - 4. klasse og for barn med funksjonshemming frå 1. - 7. klasse. Føresette får informasjon om SFO-tilbodet til skulen gjennom innskriving av førsteklassingen. Du søkjer elektronisk om plass i SFO.
Kulturskule
Kommunen tilbyr eit desentralisert kulturskuletilbod innan musikk, song og visuell kunst.