Skulefritidsordning - SFOSkulefritidsordninga (SFO) gjeld for barn i 1. - 4. klasse og for barn med funksjonshemmingar i 1. - 7. klasse. Om skulefritidsordningaDersom det ikkje er skulefritidsordning ved den skulen barnet går, kan tilbodet nyttast ved ein annan skule.SFO følgjer skuleåret. Alle som søkjer får plass. Om søknadenDu søkjer elektronisk om SFO-plass. Søknadsfrist er 15. april Søk plass i SFO >Du loggar inn via ID-porten (med MinID/BankID, Bypass, Commfides) eller via Feide. Endring og oppseiingEndring eller oppseiing av plass skjer også med innlogging via Visma Flyt Skole. Oppseiingsfristen er i utgangspunktet 1 månad, men ved oppseiinga av plass etter 1. mars, må du betale for plassen ut skuleåret. Spørsmål?Ta kontakt med Oppvekstkontoret på tlf. nr 57 73 07 20 eller den enkelte skule om du treng hjelp til å søke/tilgang på datamaskin. Tilbod og betalingssatsar gjeldande frå 01.01.2021 Skulefritidsordning (SFO): betalingssatsar pr. 01.01.2021 Tilbod Innhald Prisar A-tilbod 21 - 26 timar pr veke 2.633 pr mnd B-tilbod 16 - 20 timar pr veke 2.232 pr mnd C-tilbod 11 - 15 timar pr veke 1.717 pr mnd D-tilbod 0 - 10 timar pr veke 1.258 pr mnd Vekesats Tilbod i skuleferiar 1.144 pr veke Gebyr For seint henta barn 172 pr påbeg halvtime Ekstratimar: kr. 57,- pr timeSyskenmoderasjon: 30% moderasjon for 2. barn og 50% for 3. og fleire barnBetaling er pr. månad i 10 månader i skuleåret. Betaling for sommar-, haust- og vinterferie kjem i tillegg. Endringar i timetalet i løpet av året må det søkjast om.Har du låg inntekt kan du få lågare prisRegjeringa er opptatt av å redusere foreldrebetalinga for familiar med låg inntekt. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt 6% av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.Her kan du søkje om lågare foreldrebetaling for SFOVi handsamar søknader om lågare pris gjennom heile året, men hovudsøknadsfristen er 1. september. Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld den for eitt skuleår om gongen. Du må difor søkje på nytt kvart skuleår. Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld den frå månaden etter du har sendt søknaden.Frå skuleåret 2020-2021 blir det innført gratis SFO for elevar på 5. - 7. trinn med særskilte behov. Publisert av Laila Svalheim Kristiansen Publisert 28.08.2018 09.27