Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Redusert betaling i barnehage

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt.

 

1. Gratis kjernetid

Sidan 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt hatt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2020 er denne inntektsgrensa sett til 566.100 kroner,  og gratis kjernetid er utvida til også å gjelde 2-åringar.

Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timar uavhengig av storleiken på plassen.


2. Redusert foreldrebetaling

Ordninga med redusert foreldrebetaling går ut på at ingen skal betale meir enn seks prosent av inntekta si til barnehagen. F.t. gjeld denne ordninga for hushaldningar med ei samla inntekt som er lågare enn 566 100 kroner per år.

Du finn meir informasjon om reduksjon i foreldrebetaling på utdanningsdirektoratet si heimeside.

 

Slik søker du

Du må sende ein søknad til kommunen for å få redusert pris på grunn av låg inntekt eller gratis kjernetid.

Du må legge ved kopi av siste skattemelding/sjølvmelding, eller annan dokumentasjon av inntekt. Det er viktig at du sender med dokumentasjon på all inntekt. Manglar det dokumentasjon vil ikkje søknaden bli behandla. 

Redusert betaling får verknad frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet og gjeld ut inneverande barnehageår (kun eit barnehageår om gongen).  Vedtak vert ikkje innvilga med tilbakeverkande kraft.

Føresette som søkjer om reduksjon må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.

Søknadsfrist:  Den 10. i kvar månad.

Søknad vedlagt sist tilgjengelige Skattemelding/sjølvmelding sendast elektronisk.


Gå til elektronisk søknadsskjema

 

Test av vegvisar

Har eg rett på redusert foreldrebetaling i barnehage?

Ingen hushald skal betale meir enn 6 prosent av inntekten sin for ein barnehageplass.
Kva er den samla inntekten for ditt hushald (person- og kapitalinntekt)?

Endre svaret
Du kan søkje om redusert foreldrebetaling

Hugs å søkje innan den 10. i månaden for å få redusert betaling frå den 1. neste månad.

Skattemelding/Sjølvmelding (OBS! Ikkje skatteoppgjer) for siste år må leggjast ved søknaden/evt. ettersendast pr post. 
 

Gå til søknadsskjema for å søkje om redusert foreldrebetaling


Om hushaldet sin inntekt er under 566 100 kroner og barnet er født 2015-2018, vil du også få 20 timar gratis plass i veka.

Føresette som søkjer om reduksjon må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.

Redusert betaling får verknad frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet og gjeld ut inneverande barnehageår (kun eitt barnehageår om gongen). Vedtak vert ikkje innvilga med tilbakeverkande kraft.

Du kan ikkje søkje om redusert foreldrebetaling

Berre hushald med en samla inntekt under 566 100 kroner kan få redusert foreldrebetaling.

Vel eit av alternativene ovenfor

Kristen Holt

Kommunalsjef oppvekst
Telefon : 57 73 07 21
Mobil : 994 46 068
E-post : Send e-post