Felles søknadsskjema
Det er samordna opptak for alle dei 5 kommunale barnehagane. Du søkjer elektronisk om barnehageplass. Om du treng hjelp til å søkje/tilgang til datamaskin, ta kontakt med oppvekstkontoret på tlf. 57 73 07 20
Elektronisk utsending av svar
Tilbod om barnehageplass vert sendt elektronisk. Du må logge deg inn der du søkte for å svare på tilbodet.
Rett til barnehageplass
Alle barn som fyller 1 år innan utgangen av november i søknadsåret, og som søkjer innan fristen 1. mars, har lovfesta rett til barnehageplass.
Dei som får plass, må vere busett i kommunen når dei tek til i barnehagen.
Vedlegg til søknad om barnehageplass
Eventuelle vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar må sendast pr. post til Askvoll kommune, Postboks 174, 6988 Askvoll innan søknadsfristen 1. mars. Merk konvolutten "Vedlegg til barnehagesøknad"
Pris
30% søskenmoderasjon for barn nr 2 og 50% moderasjon for barn nr 3 eller fleire.
Dagsasts for kjøp av ekstra dagar (uansett tal timar) kr. 210,- pr dag
Gebyr ved for seint henta barn kr. 158,- pr påbegynt halvtime etter ordinær stengetid.
I alle barnehagane kjem matpengar og/eller frukt- og mjølkepengar i tillegg.
Redusert foreldrebetaling for husholdningar med låg inntekt
Les meir om ordninga med redusert foreldrebetaling