Kommunale vegarAskvoll kommune har i overkant av 80 km med kommunal veg. Omlag 52 km har fast dekke. Kva er kommunen sitt ansvar? Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar medan Statens vegvesen har ansvar for fylkes-, riks- og europavegar. Trykk her for oversikt over kva vegar som er kommunale Teknisk drift har ansvar for sommar og vintervedlikehald av dei kommunale vegane. Samla har kommunen i overkant av 80 km med kommunal veg. Av desse har ca. 52 km fast dekke medan resterande 28 km har grusdekke. Kommunen leiger inn tenester frå private som utfører vintervedlikehold. Mesteparten av sommarvedlikehold vert og utført via innleigde tenester av private. Noko av vedlikehaldet vert utført av kommunen sjølv. Publisert av Per Jan Ryland Sist endra 05.11.2021 08.45