Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Timebestilling koronavaksine  |  Status vaksinering 
|  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Abonnement på brøyting av private vegar

Askvoll kommune har tilbod om kommunal brøyting av private vegar.
 

Slik søker du

For å søke om abonnement for brøyting av privat veg, skal du bruke elektronisk skjema. 
 

Skjema for søknad om brøyting
 

Krav til vegen

Den private vegen må vere minst 50 m lang, og vegen må vere i så god stand at han kan brøytast utan fare for utstyr og brøytar.

Før brøytinga tek til vil kommunen/brøytaren kontrollere at vegen har god nok standard. Om vegen ikkje kan brøytast slik han er, får eigaren få tilbakemelding med ein gong.
 

Kva kostar det?

Abonnementsgebyr for brøyting av private vegar - sesong 2021
Veglengde Pris for sesong 2020/-21 (inkl. mva)
50 - 250 m. 2 345
250 - 500 m. 3 945

Pris for 2021 vart vedteke av kommunestyret i desember 2020.

Ved mykje snøfall vert brøyting av kommunale samlevegar/adkomstvegar prioritert før brøytinga av dei private vegane.

Dersom det er så stor interesse for abonnementsordninga at kommunen får kapasitetsproblem, vil kommunen prioritere søknadene etter nærare kriterier, og evt. seie nei til einskilde.

Om det er fleire brukarar av ein veg, må dei gå saman om abonnementet, og stille med ein representant overfor kommunen.
 

Kontakt

Dersom du har spørsmål ta kontakt med teknisk drift på 57 73 07 30 / 57 73 07 32.

Teknisk drift

Telefon : 57 73 07 30
E-post : Send e-post

 

Bjørn Leon Rusken

Ingeniør
Telefon : 57 73 07 30
E-post : Send e-post