Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting  |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Avkøyrsle frå kommunal veg

Ei avkøyrsle er alle vegtilknytingar mellom offentleg veg og privat eigedom. 

 

Kva er søknadspliktig?

  • Skal du sette opp garasje og må lage ei ny avkøyrsle til offentleg veg, eller flytte eller endre på eksisterande avkøyrsle? Då må du søke om løyve. 

  • Skal bruken til avkøyrsla endrast, til dømes dersom fleire bueiningar vert knytt til avkøyrsla, må du søke om løyve til utvida bruk. 

Slik søker du 

For å søke om ny eller utvida bruk av avkøyrsle, skal du bruke elektronisk skjema. Du søker via Din side på nettsidene til Statens vegvesen. Søknaden vil gå til kommunen, fylkeskommunen eller til Statens vegvesen alt etter kven som skal behandle søknaden. 
 

Sjå Statens vegvesen sine nettsider om avkøyrsle og søk elektronisk


Kva vilkår gjeld til avkøyrsle frå kommunal veg?

  • Geometrisk utforming og krav til sikt skal vere i samsvar med Statens vegvesen sine normalar. Det skal i godkjenninga av avkøyrsla fastsetjast kva kategori veg det er snakk om (hovudveg, samleveg eller tilkomstveg). Sjå meir detaljar i Statens vegvesen sin rettleiar.

  • Stigning på avkøyrsla kan vere maks. 1:8 med utflating mot kommunal veg på 1:25 i minimum fem meters lengde. Dette skal dokumenterast ved lengdeprofil.

  • For avkøyrsle frå veg med veggrøft skal det leggast stikkrenne gjennom avkøyrsla. Minste diameter på rør skal vere 160 mm (6"). Til stikkrenne skal det nyttast vegrør eller tilsvarande rør med muffe (ikkje rørbitar eller rør utan muffe). Stikkrenna skal gå min. 0,4 meter utom fylling for avkøyrsla.

  • Avkøyrsle med tilhøyrande stikkrenne skal haldast ved like av grunneigar eller brukar, utan omsyn til kven som har bygt eller kosta avkøyrsla.

  • Dersom avkøyrsla vert bygt eller nytta i strid med godkjenning, kan det gjevast pålegg om at avkøyrsla skal stengast, endrast eller flyttast på den ansvarlege sin kostnad, jf. veglova § 42.

I tillegg til desse vilkåra spelar trafikktryggleik ei stor rolle. Det er til dømes ikkje ønskeleg med meir enn ei avkøyrsle til kvar eigedom og unødig breie/udefinerte avkøyrsler då dette kan gje eit uoversikteleg trafikkbilete. For mange avkøyrslar langs ei kort strekning er heller ikkje ønskjeleg. Fellesavkøyrsle bør difor nyttast der dette er mogleg.
 

Avkøyrsle i samband med frittståande garasje eller carport

Vert garasje eller carport plassert med innkøyring vinkelrett på veg er det sett eit krav om minst 5 meter avstand frå garasjeport / opning carport til eigedomsgrense mot veg.

Vert garasje eller carport plassert med innkøyring parallelt med veg er det krav om minst 2 meter avstand frå bygningen til eigedomsgrense mot veg.
 

 

Teknisk drift

Telefon : 57 73 07 30
E-post : Send e-post

 

Per Jan Ryland

Teknisk sjef
Telefon : 57 73 07 32
E-post : Send e-post