OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Grensejustering

Grensejustering vil seie å overføre mindre areal mellom to eller fleire eigedomar som har felles grense.

Grensejustering skal i hovudsak nyttast for å få meir hensiktsmessige grenser mellom naboeigedomar. Det er berre mindre areal som kan justering. Det må gjennomførast oppmålingsforretning.

Vilkår

  • Partane må vere einige om justeringa.
  • Arealet for dei involverte eigedomane kan kun justerast med inntil 5 % av den minste eigedomen sitt areal. 
  • Maksimalt areal for grensejustering er sett til 500 m2.
  • Ein eigedom kan ikkje avgje areal som i sum (makebyte/fleire justeringar) overstig 20 % av arealet eigedomen hadde før justeringa. 
  • Verdien på eigedomen kan ikkje reduserast med meir enn folketrygda sinn grunnbeløp på 1G.

    Dersom areala er større enn dette må det søkast om arealoverføring eller frådeling av tilleggsareal. 

Kva må sendast til kommunen:

  1. Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning, kryssa av for grensejustering og signert av heimelshavarar for begge eigedomane.

    Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning.  (PDF, 699 kB)
     
  2. Situasjonskart i målestokk 1:500 eller 1:1000 som syner kva areal som skal overførast. 
  3. Eventuell verdivurdering for dei involverte eigedomane. 
Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon +47 57 73 07 17
Andreas Rivedal
Avdelingsingeniør
Bygg og eigedom
E-post
Telefon +47 57 73 07 24
Til toppen