OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Deling av eigedom

Ynskjer du å dele eigedomen din/skilje ut ei tomt må det søkjast om løyve til oppretting av eigedom. Det er grunneigar/heimelshavar som søkjer kommunen om løyve til deling.

Følgjande må sendast til kommunen:

  1. Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning/søknad om deling av grunneigedom, signert av grunneigar.

    Skjema for søknad om deling av grunneigedom. (PDF, 699 kB)
     
  2. Naboar og gjenbuarar må varslast. Naboliste kan tingast frå kommunen. Kvittering for nabovarsel og opplysningar gjeve i nabovarsel må leggast ved søknaden. Skjema finn du her:
    Skjema for nabovarsel
     
  3. Situasjonskart i målestokk 1:1000 som viser plassering av den omsøkte tomta.
    Gå til kommunekart for å skrive ut eit kartutsnitt.
     
  4. Avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen dersom tomta skal ha avkøyrsle frå fylkesveg/riksveg.
     
  5. Eventuelle nabomerknader med kommentarar frå søkjar.
     
  6. Eventuell søknad om dispensasjon. Ved søknad om deling av tomt som ikkje er i samsvar med arealplan, må det også søkjast dispensasjon. Ved nabovarsling må det merkast at søknaden også treng dispensasjon.

I tillegg må søknaden innehalde:

  • Dersom det er behov for vegrett, må vegen teiknast inn på situasjonskartet.
  • Dersom eigedomen treng ny avkøyrsle frå offentleg veg, må denne markerast på situasjonskartet.
  • Avtale om retten til tikopling til private vass- og avlaupsleidningar må leggast ved dersom dette er aktuelt. 
Bygg og eigedomsavdeling
E-post
Telefon +47 57 73 07 00
Til toppen