OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Viltforvaltning

Kommunen har forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne. Vi gjev råd og rettleiing i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt.  Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

Døme på oppgåver i viltforvaltninga

  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan/bestandsplan
  • Kontroll/registrering av fellingsrapportar
  • Registrering og analyse av "sett hjort"
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar/bestandsplanar
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond

Hjortevilt

Hjorteviltregisteret. Her legg kommunen inn informasjon om alle valda: Fellingsløyve/ fellingsresultat, sett-hjort og slaktevekter.

Du som jaktar skal registrere alle dine jaktdata på hjorteviltregisteret. Jeger logger seg inn med sitt jegernummer og fødselsdato.

I Hjorteviltregisteret finn de og oversikt og informasjon om fallvilt (trafikkpåkøyrsler).

Årskalender Hjort (PDF, 134 kB) - Oversikt over rapportering og tidsfristar 

Viltfond

Hjortevald betalar inn fellingsavgift for felt hjort  til viltfondet etter endt jakt. Kommunen handsamar søknader om tilskot frå det kommunale viltfondet. Forskrift om viltfond og kommunale retningslinjer avgjer kva tiltak som kan få støtte og kven som vert prioritert.

Retningsliner for bruken av Viltfondet i Askvoll og Fjaler (PDF, 82 kB)
Retningsliner for bruk av Viltfondet i Hyllestad (PDF, 978 kB)

Nyttig informasjon om vilt, jakt og forvaltning


Vilt som gjer skade

Nokre gonger kan dyr vera plagsame eller gjera vesentleg skade på eigedom. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om vilt som gjer skade. I denne rettleiaren finn du råd om kva du kan gjera viss du opplever dette som eit problem. Regelverket som dekkjer desse utfordringane finn du i viltforskrifta. 


Jegerprøva

Som ny jeger må du ha jegerprøvekurs. Dette kurset er obligatorisk og på 30 timar. Etter kurs må du ha bestått eksamen før du kan utøve jakt og fangst. Kommunen organiserer eksamen. Etter bestått prøve vert du registrerte i Jegerregisteret.

Spørsmål om jegerprøvekurs?

Lokale jakt- og fiskelag arrangerer som regel jegerprøvekurs i løpet av våren. Om du har spørsmål knytt til jegerprøvekurs, kan du ta kontakt med ditt lokale Jakt og fiskelag.

Eksamen

Eksamen, etter endt jegerprøvekurs vert gjennomført elektronisk. Eksamensavgifta er 300 kroner per forsøk. Informasjon om kurs, eksamen og eksempelprøver finn du på jegerprøveeksamen.no

Kenneth Aaland
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon +47 57 73 07 29
Til toppen