OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Nydyrking og planering

 

Nydyrking

Nydyrking er fulldyrking eller overflatedyrking av jord, eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lagt unytta i over 30 år. Opparbeiding frå overflatedyrka jord til fulldyrka jord vert ikkje rekna som nydyrking. Du må søkje kommunen om godkjenning.

Korleis søkje?

Om du skal nydyrke, må du søkje kommunen om godkjenning. Du sender søknadsskjema med kart og plan for grøfting til kommunen. 

Her finn du informasjon og skjema for søknad om godkjenning av plan for nydyrking

Har du spørsmål?

Du finn informasjon på nettsidene til Landbruksdirektoratet.
Du kan også kontakte oss på landbrukskontoret.

Planering av terreng

Planering er når det vert forflytta masse som berører eit areal på minst 1 dekar. Alle planeringsfelt skal utførast i samsvar med «Tekniske retningslinjer for anlegg, drift og vedlikehold av planeringsfelt», fastsett av Landbruksdepartementet

Korleis søkje?

Om du skal planere, må du søkje kommunen om godkjenning. Før planlegging av planering igangsetjast, skal det sendes forenkla søknad til kommunen. Den forenkla søknaden skal innehalde kart som viser områda som vert påverka av planeringen. Viktige natur/terrenginngrep, bekkelukking mv. skal avmerkast på kartet.

Kommunen avgjer på bakgrunn av den forenklede søknaden, om planeringen krever tillating etter ureiningsforskrifta.

Har du spørsmål?

Du finn informasjon i rettleiaren Planering og jordflytting 
Du kan også kontakte oss på landbrukskontoret.

Søknadspliktig etter anna regelverk?

Avhengig av omfanget av planeringa, kan tiltaket vert søknadspliktig etter anna regelverk.

Tiltakshaver har ansvar for at tiltaket utførast i samsvar med reglar gitt i eller i medhald av plan- og bygningsloven, og at det ikke kjem i strid med anna regelverk. Arbeidet kan ikkje setjast i gang før du har søkt om, og det er gitt naudsynt dispensasjon, tillating eller samtykke fra eventuelle berørte mynde. 

Lina Andrea Haugen Herstad
Rådgjevar landbruk
E-post
Telefon +47 57 73 07 36
Til toppen