OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Landbruksvegar

Skal du bygge ny traktorveg, skogsbilveg, velteplass eller bygge om ein eksisterande, må du søke om løyve frå kommunen.

Landbruksvegar skal ha skogbruk eller jordbruk som hovudformål. Om vegen i hovudsak blir nytta til anna formål, skal den behandlast som byggesak etter Plan- og bygningslova.

Kven kan søke?

Grunneigarar som eig landbruksareal (jord og skogbruksareal).

Slik søker du


Du finn søknadsskjema på landbruksdirektoratet sine nettsider

Du må også legge ved eit kart, der du teiknar inn veglina, velteplass og eventuelle massetak.

Er det noko tilskotsordning?

Ta kontakt med kommunen før du søker. Du kan også bruke skogfond med skattefordel til nybygging og ombygging av skogsbilvegar/traktorvegar i utmark.

Kva kostar det?

Det er ingen saksbehandlingsgebyr på slike søknader.

Kva skjer vidare?

Behandlingstida er normalt 3 veker, når søknad og alle nødvendige vedlegg er levert kommunen.

Forskrift 

Forskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skogbruk- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar.

Kenneth Aaland
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon +47 57 73 07 29
Til toppen