OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Gardskart - kontinuerleg ajourhald av AR5

AR5 er eit arealressurskart, som viser areal etter arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold.  Det vil seie markslag som dyrka areal, innmarksbeite, skog osv.

Her finn du gardskart 

Søk opp eigedom på NIBIO sitt gardskart

Endringar i markslag – meld i frå innan 1. juni

Dersom du har areal du ynskjer å registrere, til dømes ved nydyrking eller beiterydding, må du melde i frå til kommunen innan 1. juni. Du melder i frå ved å sende kart, der arealet du vil ha synfart er skissert inn. Eller du kan kome innom eit av kontora (Askvoll, Fjaler, Hyllestad) så kan vi hjelpe deg å skrive ut kart.

Kvifor frist?

Kommunane har frist til å oppdatere kartet i slutten av august. For at vi skal rekke synfaring, oppmåling og oppdatering i kart, treng vi innspel innan 1. juni. Innmarksbeite bør også synfarast tidleg i vekstsesongen, for å vurdere krav til beitetolande urter og gras. Seinare på hausten kan plantane tape seg, og du kan risikere å ikkje få godkjendt innmarksbeitet ditt.

Kva om eg melder i frå om endring av areal etter fristen?

Det er mogeleg, i visse tilfelle, å gjere endringar etter fristen. Det er likevel ikkje ynskjeleg, fordi endringa vil krevje meir ressursar, sidan oppdateringa skjer manuelt. Vi prøver å vere fleksible, for å få med endringar, likevel, for å vere sikker på å få areala registert i kart, må du melde i frå innan 1. juni.

Har du spørsmål?

Du finn informasjon om kontinuerleg ajourhald på nettsida til NIBIO.

Velaug Helle Eikemo
Konsulent landbruk
E-post
Telefon +47 57 73 07 35
Til toppen