Kulturskule

Velkommen som elev i Askvoll kulturskule uansett alder, kjønn, etnisitet eller religiøs orientering.

Tilboda i kulturskulen

Kulturskulen gjev opplæring i div. musikkinstrument, band, visuell kunst og teater. Undervisninga går føre seg i Bulandet, på Atløy, i Holmedal, Askvoll og i Gjelsvik.

Påmelding

Hovudfristen for påmelding til kulturskulen er 20. mai, men vi tek sjølvsagt imot påmelding gjennom heile året.  Oppseiing av plass må skje innan 20.mai/15.november.

Gå til påmelding

Visjonen vår:

Kulturskulen er ein viktig aktør som kan gjere Askvoll til ein meir attraktiv kommune å bu i. Vi skal vere ein rollemodell for utvikling, kvalitet og resultat på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Målet vårt:

  • Askvoll Kulturskule vil arbeide aktivt for å auke interessa for kultur i kommunen.
  • Askvoll Kulturskule skal vere ein skule for alle. Vi skal tilby kvalitetstenester til både unge og vaksne, nybegynnarar og vidarekomne, og vi satsar på samspel mellom aktuelle kulturaktørar, profesjonelle, frivillige lag og organisasjonar og kulturskuleelevar og kulturskulelærarar.
  • Vi vil være eit ressurssenter for kultur og kulturaktivitetar i kommunen og på Vestlandet. Hovudmålet vårt er å utvikle og ivareta kunstnerisk og kulturell kompetanse. Til grunn for dette ligg eit heilskapssyn om at alle menneske har formsans og uttrykksbehov som kan utviklast gjennom opplæring.

Betalingssatsar:

Kulturskule: betalingssatsar pr. 01.01.2023
Tilbod Inntil 20 år Dobbeltime - inntil 20 år Over 20 år Dobbeltime - over 20 år
Indiduelle timar (20 min.) 1.750 pr. semester 3.500 pr. semester 2.411 pr. semester 4.823 pr. semester

Sysken- og fleiraktivitetsmoderasjon vert sett til 25% frå og med barn/aktivitet nr 2.

Dirigent/instruktør - lag for barn og unge kr. 500,- pr time
Dirigent/instruktør - lag for vaksne kr. 700,- pr time

Evt. instrumentleige er sett til kr. 650,- pr. år.

Betalingskrav vert delt i 2 og sendt ut før jul og før sommarferien.

Vedtekter for kulturskulen (PDF, 71 kB)

Mats Systaddal
Kulturskulerektor
E-post
Telefon 57 73 07 23
Mobil 97 46 06 97