Om koronatesting

Koronatesting i kommunen vert primært utført ved sjølvtest (hurtigtest).  Legekontoret vil ha gratis hurtigtestar utover våren 2024.  

Personar med auka risiko for å utvikle alvorleg sjukdom ved covid-19 bør teste seg sjølv kvar dag i inntil fire dagar dersom dei får luftvegssymptom.  Ved positivt resultat eller forverring av symptom bør ein oppsøke lege raskt  mellom anna for å vurdere behandling med legemiddel.  

Innbyggarar kan få sjølvtestar på legekontoret.  

Slik tar du hurtigtest:

FHI tilrår at vaksne tek hurtigtest både i hals og nase. Barn skal framleis berre ta i nase. Ta helst testen om morgonen før du har ete/drukke, eventuelt vent minimum 30 minutt frå siste inntak av mat/drikke. Ta test med same pinne: først i halsen, så i nasa. Er testen negativ og du har nyoppståtte symptom, kan du ta ny test etter 2 døgn. 

For utfyllande informasjon sjå FHI sine sider